Almanakk for Noreg/Almanakk for Noreg har ei forhistorie som går tilbake til 1643. Det året gav ut Tyge Nielssøn ein norsk almanakk for året 1644. Dette var faktisk den første 'boka' som vart trykt i Noreg. Frå 1814 har universitetet hatt ansvaret og almanakken har vore redigert i Noreg.
Kaare Aksnes er professor emeritus ved Institutt for teoretisk astrofysikk og har vore redaktør for almanakken i 20 år.
Gjennom endå fleire år har han hatt ansvaret for å rekna ut posisjonane til himmellekamane. No overlèt han redaktørstolen til professor Per Lilje.