Ny post doc: Mikolaj Szydlarski

Mikolaj er polsk men kjem til Institutt for teoretisk astrofysikk (ITA) direkte frå Paris, der han har jobba i seks år. Han hevdar at han gler seg over å ha flytta nærare polarsirkelen.

Bildet kan inneholde: klær, panne, nese, kinn, hake.

Ny post doc ved ITA: Mikolaj Szydlarski 

Mikolaj byrja å jobba ved ITA hausten 2013.

– Eg er ein berekningsintensiv fysikar og anvend matematikar av utdanning og ein berekningsintensiv astrofysikar i hjartet, seier Mikolaj.

– Kva prøver du å finna ut i forskinga di?

– Eg har akkurat byrja å jobba i solforskingsgruppa ved ITA. Me prøver å få til eit gjennombrot i forståinga av Solens kromosfære. 

Kromosfæren er eit lag i Solens atmosfære like over den synlege overflata. Over kromosfæren igjen finn me det såkalla transisjonslaget kvar temperaturen i solatmosfæren aukar ekstremt fort til han når millionar av grader i Solens ytste atmosfærelag; koronaen.

Kromosfæren og transisjonslaget inneheld nøkkelen til å forstå kvar koronaen og solvinden får energien sin frå.

Me veit at i tillegg til ekstrem termisk stråling kan fenomen som bølgjar, elektriske straumdrag og magnetisme på Solen gi store mengder med energi. Det er likevel uklart kor mykje kvar av desse faktorane bidreg, korleis dette avheng av lokale forhold og korleis overgangen mellom ulike energiformer går føre seg i detalj. 

– Me vil spesielt prøva å forstå energi- og massestraumen gjennom Solens kromosfære og transisjonslag, utdjupar Mikolaj.

– Magnetiske felt, tettleik og temperatur viser alle dramatiske endringar i desse områda.

– Korleis prøver de å oppnå denne auka forståinga?

– Ein stor del av forskinga vår består av å laga realistiske simuleringar. 

På grunn av storleiken og komplekisteten til desse simuleringane må dei køyrast på digre høgytingssystem, såkalla High Performance Systems (HPC) som består av hundretusenvis av datamaskiner.

– Fokuset mitt i forskinga er å utvikla nye parallelle algoritmar og kodar for slike superdatamaskiner. Dette vil hjelpa simuleringane våre til å køyra på best mogleg måte og på kortast mogleg tid.

– Kva førte deg hit til Oslo?

– Før eg kom til Oslo budde eg over seks år i Paris. I motsetninga til dei franske kollegaene mine som gjerne drog sørover i feriane, var eg alle feriane mine ovanfor polarsirkelen. Eg var derfor veldig glad for å finna ein jobb så nær favoritt-breiddegrada mi. Det er kanskje litt kaldt her nokre gonger, men heldigvis er forskingsfeltet mitt ekstremt varmt! 

 

Publisert 25. nov. 2013 13:38 - Sist endret 5. aug. 2026 14:38