Frå 1. juli 2013 er Signe post doc ved Institutt for teoretisk astrofysikk, Universitetet i Oslo.
– Kva prøver du å finna ut av i forskinga di?
– Eg prøver å finna ut kva universet er laga av. Me har ein ganske god teori for partikkelfysikk, men denne teorien forklarer ikkje mesteparten av det stoffet som me observerer i universet, fortel Signe.
– Standardteorien i partikkelfysikk inneheld inga forklaring på den mystiske mørke materien eller den endå meir mystiske mørke energien.
Dei minste partiklane, nøytrinoa, er heller ikkje særleg nøyaktig beskrive og me veit til dømes ikkje kor mykje mykje dei har.
Universet som eksperiment
Akkurat no jobbar Signe mest med nøytrinoa, men i staden for å bruka partikkelakselleratorer eller underjordiske laboratorium, bruker ho det største eksperimentet av dei alle: sjølve universet.
– Universet som eksperiment?
– Ja, eigenskapane til nøytrinoa er koda inn i fordelinga av galaksar og i forholdet mellom mengda av dei ulike kjemiske stoffa som me måler i dag. Eg har brukt eit tredimensjonalt galaksekart for å vega nøytrinoa og setja ei grense for kor stor masse dei kan ha. Grensen me finn på denne måten er ti gonger betre enn den som laboratorieundersøkelser gir oss.
– Eg liker å fortelja folk om universet, fortel Signe vidare.
– Eg skriv gjerne populærvitskaplege artiklar, held foredrag eller bidreg på ulike arrangement. Til dømes har eg skrive for det danske magasinet Kvant. På biletet her står eg på ein liten flik med sand i midten av Great Barrier Reef og forklarer kva som skjer under ei solformørking.
– Kor jobba du før du kom til Oslo?
– Eg jobba ved University of Queensland i Australia. Sjølv om eg treivst med surfing og dykking, sakna eg vintrane i nord-Europa.