Rom og jord møter Solen

Den 5.-8. august 2013 var det konferansetid for solfysikarane i Noreg - med gjester frå utlandet. Konferansen vart halde på Hotel Continental.

Bildet kan inneholde: tre, belysning, bord, interiørdesign, gardin.

Talarstolen på Hotel Continentals konferanserom. Foto: Terje Fredvik/ITA.

 

 

Sola gir oss eit unikt høve til å studera ei stjerne på nært hald.  Det norske solforskningsmiljøet  ved Institutt for teoretisk astrofysikk (ITA) er i verdsklasse, og er utpeika som eitt toppforskingsmiljø ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet ved Universitetet i Oslo.

Konferansen Synergies between ground and space based solar research blir arrangert av solforskingsmiljøet ved ITA i samarbeid med utanlandske forskarar.

Hovudmålet med konferansen er å bidra til auka samarbeid mellom forskarar som jobbar med bakkebaserte kontra rombaserte observasjonar av Solen.

Mats Carlsson og Bhavna Rhatore
Professor Mats Carlsson og phd-student Bhavna Rhatore, begge frå Institutt for teoretisk astrofyikk. Foto: Terje Fredvik/ITA.

Eit døme på solobservasjonar frå bakken det svenske solteleskopet på La Palma. Dette teleskopet er flittig brukt av norske solforskarar. Av satellittar som ber observatorium ute i rommet kan nemnast Solar Dynamics Observatory (SDO), Hinode og ikkje minst IRIS som vart skote opp i juni 2013. Norske forskarar deltek i alle desse prosjekta.

Samarbeid på tvers av bølgjelengd

Solkonferansen
Deltakarane gjer seg klare til foredrag. Foto: Terje Fredvik/ITA.

Sola sender ut lysbølgjer med ulike bølgelengder. Me har namn på dei ulike bølgjelengdeområda, namn som infraraudt lys, synleg lys og ultrafiolett lys. Dei ulike bølgjelengdeområda har ulike eigenskapar og ein må bruka ulike tilnærmingsmåtar for å studera dei.

Eit av måla med Oslo-konferansen er å få til meir samarbeid mellom solforskarar som arbeider innan ulike bølgjelengdeområde.

Institutt for teoretisk astrofysikk har laget en oversikt over alle solobservasjonsprosjekta frå rommet som Universitetet i Oslo deltek i.


 

 

Publisert 9. aug. 2013 08:56 - Sist endret 22. jan. 2025 10:31