Det er ikkje kven som helst som slepp inn i det nyrestaurerte Observatoriet for å få sjå dei gamle vitskaplege instrumenta og den runde trekuppelen i tårnet. Men alle 7. klasser i Oslo får tilbod om ein heil skuledag på Observatoriet. Her lærer dei om tid, rom, solsystemet, magnetisme og historie. Det pedagogiske opplegget får fantastiske tilbakemeldingar frå begeistra elevar og lærarar.
No har huset også fått ein heilt ny og særeigen bok! Forfattarane Gunnhild Aasprang og Tone Skramstad jobbar til dagleg ved Observatoriet. Saman med Gyldendal har dei laga ei bok som bognar av illustrasjonar, kart og bilete.
I boka stiller forfattarane tida 180 år tilbake for å fortelja om livet på Observatoriet for Christopher Hansteens son Harald, og for familien hans. I familien Hansteen skjedde det meir enn forsking og observasjonar. Me får vera med på marknaden på Stortorvet, skøyteløp på fjorden, barneball på Observatoriet og ein ung guts første forelsking.
Den siste professoren som budde og arbeidde ved Observatoriet heitte Svein Rosseland. I 1934 grunnla han Institutt for teoretisk astrofysikk på Blindern. Astronomiforskinga i landet flytta dermed frå Observatoriet til Blindern.
Boka Observatoriet - Huset som fann Noreg blir gitt ut på Gyldendal norsk forlag og kan kjøpast i bokhandelen.
