Stjerneklar formidling
Endeleg er den her. For alle oss som anten har drøymt om å bli astronaut eller sett med undring opp på lysshowet til stjernehimmelen, no kjem boka me har venta på. Ein antologi om universet skrive av nokre av Noregs fremste forskarar og formidlarar.
Glad Stjerneklart-redaksjon: Frå venstre Henrik Svensen, Marianne Moen, Anna Kathinka Dalland Evans og Jostein Riiser Kristiansen.
Foto: Ynge Vogt, Apollon/UiO
Namnet til antologien er Stjerneklart: Siste nytt frå verdsrommet og inneheld 31 tekstar fylte med alt frå rocketekstar om romsøppel, blogginnlegg med sympati for marsfarande robotar, til fagtekstar om mørk materie.
Tysdag 22. september vart den lansert på Realfagsbiblioteket på UiO akkompagnert av verdsromrock, stjernekake og fagleg diskusjon med romsøppel som tema.
Publisert 21. okt. 2015 13:49
- Sist endret 23. jan. 2025 10:22