Publikumspris til "Astro"

Solsystem-hatten til Institutt for teoretisk astrofysikk stakk av med publikumsprisen under årets REAL moro-fest på Matnat-fakultetet. Sjå video frå hatte-framvisninga.

 

Institutt for teoretisk astrofysikk er "Best på fest" 2016. Det er klart etter at deira hattebidrag vart krona med den gjæve publikumsprisen under årets REAL moro-arrangement på Matnat-fakultetet. 

Institutt-leiar Viggo Hansteen var iført ein hatt som illustrerte vårt eige solsystem. Kreasjonen bestod av ein gul-sprayet sykkelhjelm som sol, med badeball-planetar festa til armeringsjern roterande rundt. Dei andre festdeltakarane lét seg tydelegvis imponera ettersom "solsystemet" vann den elektroniske avstemminga over beste hatt. Farmasøytisk institutt vart tildelt fagprisen. 

Instituttleiar Viggo Hansteen viser begeistra fram beviset på at Institutt for teoretisk astrofysikk er "Best på fest" 2016. 
Foto: Yoshiaki Kato

"REAL moro" er eit årleg arrangement kvar tilsette ved Matematisk-naturvitskaplege fakultet, Realfagsbiblioteket, Naturhistorisk museum og Naturfagsenteret møtest til sosialt lag. 

Og når Realfags-einingane ved UiO samlast, er det naturleg at ein konkurrerer seg i mellom. Årets konkurranse "Så hatten passar" gjekk ut på å laga den finaste hatten, med følgjande statuttar:

  • Det skal gå tydeleg fram noko som institutt hatten representerer.
  • Den vera berekraftig - det vil seia mogleg å bera. 

Hattebidraga vart båra av leiarane ved dei respektive einingane, og lagt fram for alle dei tilsette (sjå video øvst i saka). 

ITA rettar ein stor takk til verkstadene på IBV og Fysikk for skruar, skiver, klipping av armeringsjern og drilling av sykkelhjelm. 

Solsystemet er stort, og ITAs hattebidrag måtte nødvendigvis oppta ein god del plass. Og merksemd. 
Foto: Kristine Aall S. Knudsen
Emneord: REALmoro, Matematisk-naturvitenskapelig fakultet
Publisert 31. okt. 2016 13:47 - Sist endret 23. jan. 2025 10:47