Kvart år dreg studentane i kurset AST2210 – Observasjonsastronomi på feltarbeid til La Palma. Der får studentane praktisk innføring i observasjon av både fjerne galaksar og objekt i vårt eige solsystem.
La Palma er ei dropeforma øy som ligg heilt vest i Kanariøyane. (For spesielt interesserte kan det nemnast at La Palma er ganske nøyaktig like stor som Kviteseid kommune i Telemark, 708 km2.) Øya er ikkje blant dei mest turistifiserte av Kanariøyane, men er til gjengjeld eit ynda reisemål for astronomar.
Ved ca. 2000 meters høgd finn me nokre av dei beste observatoria i Europa frå ei rekkje land, blant dei Swedish Solar Telescope (SST) som er mykje nytta av solforskarane ved ITA.
Bileta frå årets feltkurs er tatt av Håkon Dahle ved ITA. Har du fleire bilder du kunne tenke deg å dele, gjerne ta kontakt.