I desember fekk Wedemeyer den lykkelege beskjeden om at han vart tildelt det prestisjetunge ERC-stipendet for vidarekommande forskarar. Det er berre rundt 10 prosent av søkjarane som får dette stipendet kvart år. Tildelinga banar veg for mange spennande oppdagingar om atmosfæren til vår eiga sol og andre stjerner.
Spennande prosjekt
Prosjektet Wedemeyer har fått støtte til heiter ALMA – The key to the Sun’s coronal heating problem.
– Det er eit utruleg spennande prosjekt som eg no kan realisere, eit prosjekt som er eit resultat av forsking eg har drive med i mange år. Det gir også langsiktige enorme moglegheiter for meg og også for astrofysikk i Noreg.