Professor Frode Hansen er Årets underviser

I emna hans får studentane eit prosjektarbeid om å landa ein romsonde på ein framand planet.

banner med trophy

Frode  Hansen har vorte tildelt Studentparlamentets undervisningspris for framifrå innsats med emnet sitt i AST1100 - Innføring i Astrofysikk (frå og med kull 2016 heiter kurset AST2000). Utdelingskomiteen grunngir tildelinga med at Frode tek i bruk revolusjonerande vurderingsformer, lyttar til studentane og tek undervising på alvor.

Frode gjør et vanskelig emne overkommelig og gøy. Det er slike forelesere vi ønsker ved UiO. (Utdelingskomitéen)

Det er ein tradisjon at Studentparlamentet hvert år deler ut undervisningsprisen for å premiere framifrå undervisning.

«Frode gjer eit vanskeleg emne overkommeleg og gøy. Det er slike forelesarar me ønskjer ved UiO» heiter det i grunngivinga til utdelingskomiteen. Frode har revolusjonert vurderingsforma i emnet ved å tilby eit alternativt løp der prosjektoppgåve tel 40% av avsluttande karakter. Studentane som vel dette løpet får delt ut kvar sin planet. Kvar veke møter Frode opp på «NASA-møta» der planetoppgåva blir diskutert. «Her er ingen spørsmål for dumme og inga problemstilling for liten», seier utdelingskomiteen.

Utdelingskomiteen fortset grunngivinga ved at Frode gir det vesle ekstra. Han tek med studentane utanom ordinær arbeidstid for å sjå på stjerner, planetar og galaksar; «For forelesing og gruppetimar er ikkje alt, og det veit Frode.»

Frode blir rosa for å ta imot tilbakemeldingar og kritikk med takk. Han arrangerer til og med middagar for dei som ønskjer etter semesteret er over for å samla tankar og idear til korleis det kan gjerast betre neste gong.

Publisert 15. mai 2017 09:19 - Sist endret 22. jan. 2025 14:36