Pris til Planck-forskarar

Den internasjonale gruppa bak Planck-satellitten får pris frå Royal Astronomical Society.

Romteleskopet Planck

Romteleskopet Planck. Bilde: ESA

Noregs bidrag

Den norske gruppa har vore ein viktig del av Planck-samarbeidet sidan 1998, og er no stolte over å kunna dela denne utmerkinga med alle som har arbeidd hardt på dette prosjektet gjennom 20 år.

Institutt for teoretisk astrofysikk har bidrege i Planck-gruppa på ei rekkje område. Tre professorar og ei rekkje forskarar, postdoktorar og phd-stipendiater frå Instituttet har delteke i planlegginga og i sjølve dataanalysen av observasjonane. Ein vesentleg del av det eine instrumentet har vorte utvikla av norsk industri.

Gruppa bak satellitten Planck har bestått av over 300 forskarar og ingeniørar frå Europa og Nord-Amerika som sidan 1996 først konstruerte og deretter bygde satellitten og dei vitskaplege instrumenta om bord i han. Vidare har forskarane analysert observasjonane som instrumenta har samla inn. Planck vart sendt opp i bane i 2009 og samla data fram til 2013. 

Jobber for astronomien

Royal Astronomical Society (RAS) er ein snart 200 år gammal britisk organisasjon, basert i London, som jobbar for astronomi, geofysikk og andre relaterte fagområde. Organisasjonen vart starta i 1820. Den første presidenten av RAS var Sir William Herschel,oppdagaren av planeten Uranus.

Foreningen har nyleg annonsert ei rekkje prisar og medaljar for viktige bidrag til forskning, til ledende astrofysikere og geofysikere.

Den internasjonale Planck-gruppen fikk prisen for største prestasjon gjort av en forskningsgruppe. Denne gruppa har nådd eit helt nytt presisjonsnivå i målinga av universets eldste lys, den kosmiske bakgrunnsstrålingen fra Big Bang.

Målingar av den kosmiske bakgrunnsstrålinga

Gjennom presisjonsmålingar av den kosmiske bakgrunnsstrålinga, har Planck-gruppa opna for nye forskingsområde i kosmologi, fundamental fysikk og i studiet av vår eigen galakse. Gruppa har gitt ho til no mest nøyaktige føresegna av alderen, samansetninga og forma til universet.

Les meir

Planck - forskingsgruppe ved Institutt for teoretisk astrofysikk

Universet sett med Planck

Polarisert Planck

Pressemelding frå Royal Astronomical Society

Publisert 17. jan. 2018 09:36 - Sist endret 27. juni 2026 09:51