Dreiv produktutvikling som del av mastergraden

Testen for soppinfeksjon i kvinners underliv nådde ikkje heilt målstreken som kommersielt produkt, men Markus Herberg Hovd ser likevel på iGEM-deltakinga som ein suksess.

Teamet oppstilt framfor Georg Sverdrups hus på Blinderrn

Teamet som representerte UiO i 2018. Markus Herberg Hovd står heilt til venstre. Foto: iGEM/UiO

Kvart år arrangerer Institutt for biovitskap masteremnet iGEM, ein internasjonal studentkonkurranse innan syntetisk biologi. Dette tverrfaglege forskingsfeltet studerer korleis ein kan byggja kunstige biologiske system som kan brukast i til dømes medisin eller forsking.

I 2018 var Markus Herberg Hovd den einaste farmasistudenten på UiO sitt lag, som tok gull i den internasjonale kåringa i Boston.

– Vi var to farmasistudentar som vurderte dette emnet, men det var berre eg som enda opp med å delta, saman med fem studentar i molekylærbiologi og ein utvekslingsstudent frå Tyskland som studerte molekylær medisin, fortel Hovd.

Mange kvinner får infeksjon

Det fyrste deltakarane måtte gjera, var å finna eit problem som trengte å løysast. Det åleine tok eit par månadar. Til slutt valde laget å prøva å utvikla ein test for soppinfeksjon i underlivet hjå kvinner.

– Mange kvinner vil oppleva infeksjon av soppen Candida albicans i underlivet i løpet av livet. Infeksjonen kan behandlast med kapslar eller kremar som kan kjøpast reseptfritt på apoteket, fortel Hovd.

– Men sjølv om det er ein utbreidd plage, viser det seg at det berre er rundt 30 % av dei som brukar denne behandlinga som faktisk er infisert med C. albicans.

Redusera unødvendig bruk

Hovd meiner at kombinasjonen av lett tilgjengeleg behandling og at det gjeld eit område av kroppen som mange kvir seg for å snakka om, lett fører til så mykje feilmedisinering.

– Resistens mot soppmiddel er eit problem, på same måte som antibiotikaresistens. Problemet er stort, men må løysast med mange små steg. Å redusera unødvendig legemiddelbruk er eitt slikt steg.

–Dei fleste legemiddel fører dessutan med seg ein viss risiko for biverknadar. Og om testen viser at tilstanden ikkje skuldast C. albicans, kan ein raskare vurdera andre tiltak, forklarar Hovd.

Kvart år samlar tusenvis av iGEM-studentar seg i Boston, der dei beste prosjekta vart kåra. Og i 2018 vart det storeslem for UiO-laget. Dei tok gull i hovudkonkurransen, og vart i tillegg kåra til Beste diagnostiske prosjekt, og vart nominert av sine medstudentar for beste presentasjon.

Gull verdt

Dermed vart det sjølvsagt interessant å prøva å vidareutvikla ideen til ferdig produkt. Gruppa melde seg på idekonkurransen Inven2Start, og var blant dei seks som fekk støtte til å oppretta eit eige aksjeselskap. Hovd trekkjer òg fram støtte frå Insj UiO.

Men så stoppa det. Dei lukkast ikkje med å skaffa vidare finansiering, og etter kvart som deltakarane vart ferdige med mastergraden, gjekk dei vidare til andre prosjekt. Hovd arbeidde i apotek ei tid, før han no er tilbake på Farmasøytisk institutt som doktorgradsstipendiat.– Sjølv om vi ikkje lukkast med å få produktet ut på marknaden, reknar eg prosjektet som ein suksess. Ikkje berre gullet i Boston, men det tverrfaglege samarbeidet undervegs og finansieringsprosessane i etterkant har gjeve praktiske erfaringar som er gull verdt å ha med seg, seier han.

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar
Publisert 6. mai 2020 06:43 - Sist endret 6. mai 2020 06:43