Korona-tiltak gjev 10 nye studieplassar på farmasistudiet

Talet på studieplasser ved masterstudiet i farmasi ved UiO vert utvida frå 68 til 78 studieplasser, som del av Regjeringa sine tiltak for å redusera arbeidsløysa som fylgje av korona-krisa.

To farmasistudenter i laopratoriet

Ei rekkje nye studieplassar vert oppretta for å unngå at for mange unge vert gåande arbeidsledige i den økonomiske nedgangen som fylgjer av korona-pandemien. Instituttleiar Henrik Schultz tek auken på 14 % i talet på fyrsteårsstudentar med ro.

– Når vi skal flytta til det nye Livsvitskapsbygget i 2024, har det uansett lege ei forventing eller eit krav til oss om at studenttalet skal opp, så vi har alt snakka om ei gradvis opptrapping, seier han.

– No kjem den fyrste auken eit år eller to før vi kanskje hadde tenkt, men det skal gå bra. Det som i alle høve er ein heilt ufråvikeleg føresetnad, er at vi får finansiert og tilsett nok undervisningskrefter. Dette er samstundes ein god moglegheit for utviklinga av instituttet, sidan det er permanente studieplasser og dermed faste stillingar.

Kjærkome for samfunnet

Det gjeld heile studieløpet, men er ikkje minst viktig når dei utvida kulla kjem opp på masternivå og skal ha eigne rettleiarar.

– Etterspurnaden etter farmasøytar er stor frå før. Vi ser det jo spesielt i krisetider som desse, men det seier seg sjølv at eit femårig studium ikkje kan avløysa akutte kriser direkte, seier Schultz.

– Behovet i apoteksektoren er jo opplagd. Men òg i andre deler av helsevesen, offentlege etatar og i legemiddelindustrien trengst fleire farmasøytar enn utdanningane klarar levera.

– Norge har ei eiga problemstilling knytt til sikker forsyning av legemiddel, og til dette trengst fleire farmasøytar. Så auken i studieplassar er kjærkomen for heile samfunnet. Den store importen av farmasøytar vi har sett i fleire år er vel òg stoppa opp med pandemien.

Ambisiøse, dedikerte og målbevisste studentar

I enkelte fag ville ein kanskje vore uroa over at kvaliteten på studentane ville bli lågare med en så stor auke som 14 %, men Schultz er roleg på farmasi sine vegner.

– Rett nok hadde vi ein liten nedgang i søkjartala i år, men ikkje så stor at den uroar oss vesentleg. Vi har fortsatt 2,5 søkjarar med farmasi som fyrste val per studieplass. Sjølv med fleire studieplassar må vi avvisa godt kvalifiserte søkjarar.

– Masterstudiet vårt er eit femårig integrert studium, og det stiller sjølvsagt sine krav til studentane. Dei som søkjer på dette studiet, er ambisiøse, dedikerte og målbevisste – ei god beskriving av våre studentar, som vi er stolte av. Ikkje minst korleis dei har takla utfordringane i denne vanskelege perioden, seier Schultz.

Masterutdanninga i farmasi ved Universitetet i Bergen har òg blitt utvida med fem studieplasser.

Les meir

UiO får 170 nye studieplassar i realfag og 20 nye i medisin (Uniforum, 25.5.20)

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar
Publisert 26. mai 2020 08:36 - Sist endret 26. mars 2021 13:19