– Farmasøytar er unikt kvalifiserte for innovasjonsarbeid

Med kompetanse innan både kjemi, biologi og helsefag er farmasøytar i stand til å snakka med ulike faggrupper og få dei til å samarbeida betre.

Nicolay Bérard-Andersen frmfor Powerpointt med teksten "Hva er innovasjon? Hvorfor trenger vi innovasjon? Hvordan får vi det til?"

–  Kva er innovasjon, og kva skal vi med det, spurte Nicolay Bérard-Andersen frå Veksthuset for verdiskaping. Foto: Torstein Helleve/UiO

Innovasjonsdagen for farmasistudentane gjekk i år av stabelen fredag 15. september. Dagen er ein del av «FARM4120 – Utvikling av legemidler», eit emne som skal gje studentane innsikt i alle aspekt innan berekraftig utvikling av legemiddel og ei god forståing av heile prosessen frå ide til produkt.

– Vi veit at fleire studentar frå kvart kull kjem til å jobba med legemiddelutvikling når dei kjem ut i arbeidslivet. Innovasjonsdagen håpar vi kan vera ein inspirasjon gjennom å gje konkrete eksempel på innovasjon i arbeidslivet, seier fyrsteamanuensis Ida Robertsen, som er emneansvarleg for FARM4120.

Ho ynskte studentane velkomne med å understreka kor godt kvalifiserte farmasøytar er for innovasjon i utvikling av nye legemiddel og i helsesektoren.

– De kan snakka biologi med mikrobiologane, kjemi med kjemikarane og helsefag med folka i helseprofesjonane. Dermed er de òg i stand til å få dei ulike faggruppene til å kommunisera betre, samstundes som de kan bidra ut frå dykkar eigen solide fagbakgrunn.

– Naturleg å starta ved studiestart

Leiar Jenny Nguyen og lableiar Andreas Vik frå Studentforeningen for Farmasøytisk Innovasjon hadde saman med eit innlegg der foreininga presenterte seg sjølv, og tilbodet sitt til studentane. 

– Vi bør fremja en kultur for innovasjon i studia og skape eit miljø som oppmuntrar til nyskaping. Vår tanke er ikkje nødvendigvis at alle studentane som engasjerer seg i foreininga skal ha ein eigen ide eller ein gründerspire i magen, men heller å vekkja interesse for og nysgjerrigheit på innovasjon, seier Nguyen. 

Vik legg til: 

– Som legemiddelekspertar kan farmasøytar alt frå labarbeid til samfunnspolitisk og legemiddeløkonomisk rådgjeving. Farmasøytar kan gje viktige bidrag til verdiskaping i Noreg, men det krev trening og tilrettelegging for nyskaping. Ein naturleg sted å starta med slik tilrettelegging er alt ved studiestart.

Moglegheiter for støtte for studentar

Veksthuset for verdiskaping støtta innovasjonsdagen med å leige lokale til arrangementet i Forskingsparken. Dei var òg med på å laga programmet og hadde ein eigen bolk med «design thinking» som tema, leia av Beate Rygg Johnsen.

– Ved å trekkja farmasistudentane til Forskingsparken og visa fram innovasjonsaktørar der, ynskjer Veksthuset å setja fokus på studentinnovasjon og moglegheitene for farmasistudentar i industrien, seier Nicolay Bérard-Andersen, senior innovasjonsrådgjevar ved Veksthuset for verdiskaping.

Han var òg blant innleiarane, for å snakka om kva innovasjon er, og kva moglegheiter for støtte som finst for ivrige studentar.

Dei andre foredragshaldarane var Nina Aalen Dørre frå Bayer Norge, som snakka om utvikling av radiofarmasøytiske legemiddel og suksesshistoria til ein norsk innovasjon, legemidlet Zofiga, og Erling Nordbø frå Aleap, som snakka om kor viktig rolle farmasøytane har i prosessen med legemiddelutvikling, både i store legemiddelfirma og i små start-up-bedrifter.

Dessutan fortalde dei nyleg uteksaminerte farmasøytane Rawand Mohammad (Syklotronsenteret) og Karoline Sandbakken (Smerud Medical Research) om kva val dei har gjort hittil i yrkeskarrieren si og kor viktig det er med innovasjon.

Ida Robertsen framfor Powerpoint
Ida Robertsen ynskte studentane velkomne. Foto: Torstein Helleve/UiO
Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 20. sep. 2023 12:17 - Sist endret 20. sep. 2023 12:21