Travelt fyrste år for Studentforeningen for Farmasøytisk Innovasjon

Arbeidsmengda har ført til at det nye styret er tre personar fleire enn det gamle.

Gruppebilete med fire studentar

Andreas Vik (t.v.) og Jenny Dinh Nguyen overtek stafettpinnen etter Martine Narum og Karoline Sandbakken. Foto: Torstein Helleve/UiO

Studentforeningen for Farmasøytisk Innovasjon (SFI) starta opp i fjor. Eitt år har gått, og det har vore travelt for initiativtakarane.

– Vi har arrangert tre labkurs på ShareLab, i HPLC, Elisa og PCR. Kursa har vore støtta av Veksthuset for verdiskaping, og kurshaldarane har kome frå FAI og frå ShareLab, fortel Karoline Sandbakken, som har leia SFI det fyrste året.

– Vi har òg ordna internships for studentar. I fjor kunne studentane våre søkja på utlyste internships, men i år har vi sjølve stått for meir av organiseringa, vald ut og kontakta bedrifter og så vidare, seier Martine Narum, som har hatt ansvaret for denne ordninga saman med Kristine Horgen.

Frå fem til åtte styremedlemmer

Dei er begge masterstudentar på siste året. Når dei takkar for seg ved FAI om eit par veker, går dei naturleg nok ut av SFI òg. I mars vart det vald eit nytt styre som skal ta foreininga vidare.

– Vi er ganske stolte av det vi har fått til, det har jo vore litt babyen vår. Samstundes vert det òg litt deilig å vera ferdig, for det fylgjer ein del jobb med dette, seier Sandbakken.

– Det siste året har det ikkje vore tid til stort anna enn masteroppgåve og SFI, legg Narum til.

Som ein konsekvens av at SFI har fått så mykje å gjera, har det nye styret blitt utvida frå fem til åtte personar, og arbeidsoppgåver og ansvar er tydelegar fordelt.

Alle kursa har blitt fylt opp

– Erfaringa var at det å vera leiar medførde så mykje arbeid at andre burde ta seg av for eksempel labarbeidet, seier den nye leiaren Jenny Dinh Nguyen, som òg har fått med seg ein nestleiar.

Den labansvarlege er Andreas Vik. Han fortel om ambisjonane for det vidare samarbeidet med ShareLab.

– Vi vil jo utnytta denne avtalen så godt som råd. Derfor legg vi opp til eit kurs i månaden til hausten, i september, oktober og november, fortel han.

– Til no har alle labkursa blitt fylt opp. Ein grunn til det er nok at deltakarane på dei fyrste kursa har gjeve gode tilbakemeldingar, og opplevd kurset som nyttig. I tillegg til labkurs kunne òg vore interessant å utvida tilbodet vårt med til dømes bedriftsbesøk.

Nguyen legg til at kursa òg er opne for studentar frå andre studieprogram.

Mange moglegheiter som student

– Det er ikkje berre farmasøytar som driv farmasøytisk innovasjon, så vi ynskjer velkomen studentar frå biovitskap, kjemi, og elles andre ved UiO som er interesserte. Faktisk var det fleire studentar frå biovitskap enn frå farmasi som søkte internships i år, kan ho fortelja.

Dei kunne gjerne sett for seg å ha deltakarar frå farmasistudiet på OsloMet òg, men det er praktisk vanskeleg, sidan både labkursa og internship-ordninga er finansierte av ordningar som er retta mot UiO-studentar og tilsette.

– Derimot håpar vi å få til at studentane vert introduserte for innovasjon tidlegare i studiet. No har vi Innovasjonsdagen fyrst fjerde året, det hadde vore fint om vi kunne ha hatt noko tilsvarande andre året, seier Nguyen.

– Det er jo eigentleg så mange moglegheiter for innovasjon som student, og då eig ein jo ideen sin sjølv. Når du kjem ut i jobb, er det arbeidsgjevar som eig ideane dine, legg Narum til.

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 5. juni 2023 07:57 - Sist endret 19. sep. 2023 08:39