Intens og lærerik utveksling i Odense

Nisrin Doudouh og Nour Hamoud kryssa Skagerrak for å få gjennomført eit forsøk til masteroppgåva si.

Nisrin Doudouh og Nour Hamoud i laboratoriet, smilande tl kamera

Nisrin Doudouh (t.v.) og Nour Hamoud. Foto: Privat

Masterprosjekt er individuelle arbeid, men nokre prosjekt ligg likevel nært kvarandre nok til at det same forsøket kan brukast i to ulike oppgåver. Det var grunnen til at Doudouh og Hamoud i November begge kunne pakka labfrakkane og setja kurs for Danmarks tredje største by.

– Veiledaren vår, Massimiliano Pio de Cagno, har eit samarbeid med det farmasøytiske miljøet ved Syddansk Universitet (SDU), og har hatt ein dansk utvekslingsstudent på besøk her i Oslo, fortel Hamoud.

– Eigentleg var det berre ein student som skulle få dra, men så fekk vi reisa begge to. Vi delte husvære, og opplevde det som ein stor fordel å ikkje vera åleine i eit nytt land.

Mykje tid på laben

Opphaldet var støtta av Nordic POP, og var ikkje ei ordinær utveksling.

– Vanlegvis er ein student borte eit heilt semester og deltek i den vanlege undervisinga på vertsuniversitetet. Vi var berre borte fire veker, og hadde ei einaste oppgåva: å gjennomføre forsøket, seier Doudouh.

– Vi starta rett på forsøket fyrste dagen, men så vart det nokre utfordringar på utstyret. Vi måtte bruka helga på å finna ut av det og så starta nytt forsøk veka etter.

Det var ikkje berre den fyrste veka som kravde mykje tid på laben.

Prisvinnande professor

– Danskane har eit heilt anna tempo enn her til lands, så det vart mange lange dagar. Vi kunne stå frå åtte om morgonen til åtte om kvelden, og ved eit tilfelle kom vi ikkje heim før eitt om natta, fortel Hamoud.

– Men vi fekk òg moglegheit til å arbeida meir sjølvstendig med utstyret enn vi var vane med. Denne sjølvstendigheita har vi teke med oss tilbake. No er vi ikkje like opptekne av å få sjekka alt med veiledar heile tida.

Dei to måtte til Danmark fordi det nødvendige utstyret ikkje finst ved UiO. Det gav dei òg moglegheita til å jobba saman med den prisvinnande professoren Carsten Uhd Nielsen, som mellom anna har skrive nokre av lærebøkene dei har brukt i studiet.

– Vi fekk òg utvida nettverket vårt, og har no gode kontaktar med både lærarar og studentar ved SDU. Det var dermed eit både nyttig og lærerikt opphald, og vi håpar mange andre studentar vil bruka liknande moglegheiter, seier Doudouh.

H.C. Andersen

– Og det var heldigvis ikkje berre lab, lab, lab. Vi fekk tid til turar til København, museumsbesøk og dyrehage. Vi besøkte heimen til H.C. Andersen, som jo høyrde heime i Odense Det var òg ein kafe i nærleiken der mange studentar gjekk. Ein kunne spela brettspel eller berre chilla.

Det einaste dei hadde å utsetja på opphaldet, var prisnivået. Og kantina.

– Den ugunstige kronekursen gjorde at det vart ein del dyrare å leva enn her i Noreg. Og maten i kantina var så dårleg at vi måtte laga oss matpakke kvar dag.

Fleire bilete frå Odense-opphaldet

odense
Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 10. jan. 2024 12:05 - Sist endret 10. jan. 2024 12:12