Vellukka ekskursjon til AstraZeneca for studentane på FARM5110

«Et høydepunkt i farmasistudiet!» Turen fekk svært god evaluering av deltakarane.

Gruppefoto av ca. 20 personar oppstilt rundt logoen til AstraZeneca

Utanfor lokala til AstraZeneca. Foto: Privat

I april var studentane i FARM5110 – Industriell farmasi på ekskursjon til AstraZeneca (AZ) i Mölndal, Sverige. I tillegg til studentane på emnet og veilederar var det plass til noen ph.d.-kandidater for å «fylle opp» plassane. Til saman var det 25 personer som reiste: 13 studentar frå emnet, 7 ph.d.-kandidatar og fem faglærarar.

– Vi dro med buss frå FAI torsdag kl 14 og var hjå AZ heile fredagen. Programmet besto av foredrag som var knytt opp mot dei tre hovudtemaa som vert dekt i emnet: farmasøytisk kjemi, galenisk farmasi og farmakologisk/toksikologisk testing, fortel professor ingunn Tho, som som emneleiar  den som arrangerte turen, i samarbeid med emnekomiteen.

– Studentane fekk dermed eit innblikk i korleis det vert jobba med dette i industrien, og fleire uttrykte at det var nyttig å sjå korleis det dei lærde på emnet vart brukt i praksis.

Turen vart evaluert av alle studentane og ph.d.-kandidatane. Totalscoren vart imponerande 5,5 av 6 moglege, og masterstudantene og ph.d.-studentane ga omtrent lik score.

Knytte studentane tettare saman

Ein masterstudent skrev: «Jeg er veldig fornøyd med hele turen, spesielt det faglige innholdet og omvisningen på AstraZeneca. Hotellet og romfordelingen var også veldig bra. Jeg følte denne turen brakte oss studenter nærmere og inspirerte og motiverte oss for fremtidige jobbmuligheter i industrien og mtp. hvor mye faglig kompetanse vi egentlig har som farmasøyter. Jeg håper alle farmasistudenter får oppleve denne turen/tilsvarende i f.eks. Sverige hos et annet firma

Ein annen masterstudent skreiv: «[Det beste med ekskursjonen var å] se at det finnes mange ulike karriereveier og jobbmuligheter for farmasøyter (og andre like og ulike studier) og å få vite om state-of-the-art i farmasøytisk industri. Framtidsrettede, åpne, kreative, "down-to-earth"; hvordan de ulike delene/aspektene i R&D er i utvikling. Et høydepunkt I farmasistudiet!»

Ein ph.d.-kandidat skreiv: «Det var inspirerende å få et innblikk i hvordan industrien fungerer på høyt nivå av R&D. Helt fra drug discovery til development og launch.»

– Fleire av studentane trekte fram at turen òg knytte studentane tettare saman, og at det var interessant å bli kjent med ph.d.-kandidatane, seier Tho.

Svært tverrfaglig emne

Eit par andre eksempel frå evalueringa:

«Jeg synes dette var en veldig hyggelig tur. Dette burde absolutt gjøres for neste års studenter. Det er en fin mulighet for å lære mer fagstoff på en annen måte og ikke minst en fin mulighet for å bli bedre kjent med medstudenter og forelesere <3.»

«Fantastisk organisering av veiledere mtp transport, overnatting, mat, tidsrammer osv. Vi koste oss veldig

Studentane som tek FARM5110 har vald masteroppgåver ved alle dei tre seksjonane ved Farmasøytisk institutt, og emnet er svært tverrfaglig. Eksamen består av eit gruppearbeid der studentar som har vald ulik spesialisering skal jobba saman om ei kompleks problemstilling der kvar student må bringa inn sin spesialkompetanse, og bidra i diskusjonen innanfor andre spesialiseringar.

Grunnlag for vidare samarbeid

Ekskursjonen vart mogleggjort med støtte frå Nordic POP(Patient Oriented Products),  eit nettverk av nordiske universitet finansiert av NordForsk. Nordic POP har som mål å utdanna morgendagens ekspertar innan legemiddelvitskap.

– Å gje ei gruppe med høgt motiverte masterstudentar og ph.d.-kandidatar moglegheita til å besøka og læra av ei av dei største farmasøytiske industribedriftene i Norden vert opplevd som veldig gjevande, seier Tho, som  er kontaktperson for Nordic POP ved UiO. 

– Eg trur at det gjev stort læringsutbyte, og det kan danne grunnlag for vidare samarbeid, for eksempel gjennom masteroppgåver.

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 23. apr. 2024 06:40 - Sist endret 23. apr. 2024 06:47