Innkalling 2. mars 2023

   
Innkalling til møte i programrådet for Fysikk og astronomi, torsdag 2. mars kl. 9.00.
   
FA 01/23 Innkalling
  Forslag til vedtak: Innkallinga er godkjend.
   
FA 02/23 Studiebarometer 2022
 

Studiebarometeret 2022 er gjennomført og statistikk er sendt ut frå NOKUT. Rapportane frå NOKUT er opplenka (Studentar i 2. året og samling av studentar frå både 2. og 3. året) og utdanningsutvalget (UU) ved Fysisk institutt ber programrådet diskutere dei ulike punkta i undersøkinga og at programrådsleiar tek med dei punkta programrådet ønskjer å sjå grundigare på til UU for vidare diskusjonar. Målet er at ein i UU får sett på omfanget av alle programma ved instituttet.

 

 

FA 03/23 Diskusjon om miljøfremmanda tiltak i samanheng med premie til programstudentane
 

Programstudentane på FA har vunne premien for flest svar på store bachelorprogram ved MN-fakultetet. Premien frå fakultetet består i at programrådet lagar eit miljøfremmande arrangement og at fakultetet står for betaling av pizza og brus til alle som melder seg på til arrangementet.

Sørg gjerne for å samsnakke med studentar og tilsette om forslag før møtet.

   
FA 04/23 Fordeling av studentar på studieretningane i programmet
 

2019 - kullet (17 attende):

  • Astronomi-retninga - 6
  • Fysikk-retninga - 11

2020 - kullet (44 attende):

  • Astronomi-retninga - 17
  • Fysikk-retninga - 27

2021 - kullet (62 attende):

  • Astronomi-retninga - 16
  • Fysikk-retninga - 46

2022 - kullet (77 attende):

  • Astronomi-retninga - 25
  • Fluidmekanikkretninga - 4 
  • Fysikk-retninga - 38
  • 10 har ikkje vald retning enno
   
FA 05/23 Oppdatert informasjon om val av Fysikk 1 og Fysikk 2 frå vidaregående skule
 

Studieadministrasjonen har undersøkt kva studentane på dei siste kulla har av forkunnskapar frå vidaregåande skule. Fordelinga er slik for kulla dei siste 4 kulla:

  2019 2020 2021 2022
Fysikk1 16,2 21,6 17,6 14,5
Fysikk1 og Fysikk2 72,6 67,0 74,5 77,3
Annen realfagfordypning 11,3 11,2 7,8 8,2
   
  EVENTUELT
   
  Merk at sensitive opplysninger skal teiast om, og berre kan diskuterast mellom medlemmane som sjølv har motteke opplysningane. Dette gjeld opplysningar som kjem i forkant, under og etter møtet. Papir med sensitive opplysningar skal makulerast etter møtet.
   
   
  Joakim Bergli
  Leiar                                                             Grete Stavik-Døvle
                                                                Programkoordinator
Publisert 17. feb. 2023 17:12 - Sist endret 17. feb. 2023 17:21