Referat 2. mars 2023

Fysisk institutt

   
Møte i programrådet for fysikk og astronomi
Tidspunkt: 2. mars 2023 kl. 9-10
 
   
Til stades: Bergli, Winther, Bøe, Roverso, Görgen, Stavik-Døvle
 
   
FAS 01/23 Innkalling
  Innkallinga vart godkjend.
   
FAS 02/23 Studiebarometer 2022
 

Medlemmane har gått gjennom informasjonen i rapporten og har merka seg følgjande punkter:

  • Vi skårar lågt på tilknyting til arbeidslivet. Likevel ser ein at det er låg respons når dei inviteras til arrangement eller forelesningar med deltakarar frå næringslivet. Etter fleire år med praksisemne ser ein framleis låge søkartal, og det er og få som deltek på kurs frå Karrieresenteret i bachelorløpet. Bachelorprogrammet i kjernefysikk og nukleærteknologi planlegg foredrag med næringslivspartnerar gjennom heile studiet. Erfaringar frå dette programmet blir delt med programrådet når dei kjem inn. Kva kan gjerast for å få inn relevant bedrifter for presentasjonar for studentane våre?
  • Færre studentar bruker tilbud om undervisning, noko gruppelærarar har kjend på ei stund allereie. Skulelaboratoriet gjennomfører intervju med studentar om kva som gjer at dei kjem til undervisninga og kva som gjer at det held seg vekke. I nokre tilfeller er det undervisningsforma som avgjer, andre gonger er det meistring som gjer at dei ikkje møter. Det kjem eit foredrag om undersøkinga i midten av mars hos CCSE.
  • Studentane likar tilbakemeldinger, men gruppelærarane opplever ofte at tilbakemeldingane ikkje vert lest. Kan det vere for mykje å gjere for studentane og for mykje å gi tilbakemeldingar på for gruppelærarane? KURT jobbar med ei prosjekt når det gjelde obligatorisk arbeid for emna på fakultetet no og programrådet. Enkeltkommentarar frå studentar om enkelte emner i nokre semester fortel at nokre emner moglegvis er for store.

Programrådsleiar tek med momenta vidare til Utdanningsutvalet.

   
SAK 03/23 Diskusjon om miljøfremmanda tiltak i samanheng med premie til programstudentane
 

Studentforeninga ønskjer å ha grilling i lag med studentane på programmet. Dei ser at studentane likar å vere sosiale i denne forma.

Programrådet ønskjer at ein inviterer alle studentane på programmet til ei samling før avsluttande eksamen der ein forbereder dei på eksamen og gir dei nokre knep med hensyn på prokrastinering og at dei kan grille og kose seg etter dette. Arrangementet må ha påmelding.

Studentane snakkar saman om ei dato for arrangementet og gir så beskjed til programkoordinator om dato/tid og bestilling. 

   
SAK 04/23 Fordeling av studentar på studieretningane i programmet
 

Medlemmane vart  orientert om korleis studentane er spreidd på dei ulike fordjupningane i programmet. 

Det vart kommentert til at "pandemi-kulla" var små samanlikna med tall frå same semester tidligare år. 

   
SAK 05/23 Oppdatert informasjon om val av Fysikk 1 og Fysikk 2 frå vidaregående skule
 

Nær 65 - 75 %  av studentane har Fysikk1 og Fysikk2, så undrar medlemmane seg over at resten av studentane anten har Fysikk1 og ei anna fordjupning eller at dei har valt ei heilt anna fagretning frå VGS. 

Fakultetet er spurt om dei kan lage rapportar for denne type statistikk og gi administrasjonen eit betre instrument for å betre informasjonen. 

Ein bør kanskje og høyre om dette er nok andre program og ser trender på.

   
Joakim Bergli
Leiar Grete Stavik-Døvle
  Programkoordinator
Publisert 14. mai 2024 15:48 - Sist endret 14. mai 2024 15:48