|
Referat fra møte i programrådet for Fysikk og astronomi og Kjernefysikk og nukleærteknologi, tysdag 8. oktober kl. 12.15. Til stades: Joakim Bergli, Frode Kristian Hansen, Maria Vetleseter Bø, Maximilian Andre Engenes (student), Artis Birze (student), Andreas Görgen, Grete Stavik-Døvle, Espen Murtnes (referent) |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| FA/NUK 01/24 | Innkalling | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Innkallinga er godkjend. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
FA/NUK 02/24 |
Statistikk for programma | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Fysikk og astronomi 2020 - kullet (7 attende):
2021 - kullet (16 attende):
2022 - kullet (41 attende):
2023 - kullet (62 attende):
2024-kullet (75 byrja) ReferatProgramrådet undra seg litt over kva som hadde skjedd med 2022-kullet, sidan dei blei så få. Etterdønningar etter korona i samband med større endringar i programmet, kan vere moglege svar. Det var også litt verdig bekymmer at berre tre studentar så langt har valt Fluidmekanikk-retninga. Karsten Trulsen vart noe meir profilert for 2024-kullet, og deltok mellom anna i Forskersafari og Programseminar, så me håpar at fleire vel retninga i år. |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Kjernefysikk og nukleærteknologi 2023-kullet (20 attende) 2024-kullet (28 byrja) Referat:Me er nøgde med tala på NUK-TEK. Uvanleg mange valde å utsetja studiane grunna militærtjeneste i år, og det må me vere merksame på ved opptaket i 2025. |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Oppdatert informasjon om val av Fysikk 1 og Fysikk 2 frå vidaregående skule Fysikk og astronomi
Kjernefysikk og nukleærteknologi
Referat:For FA-programmet ser den negative trenden for FYSIKK 2 ut til å ha snudd. Men det er fortsatt litt rart at såpass mange ikkje har FYSIKK 2. Ein teori gjekk ut på at faget ikkje tilbys alle stader. Maria ser om det finns tilgjengeleg statistikk på andelen av videregåande skular med studiespesialisering som ikkje tilbyr FYSIKK 2. Om andelen er nedadgåande, kan det vere grunn til bekymmer. Det vart óg observert at samanlikna med FA-studentane, har fleire av NUK-TEK studentane FYSIKK 1, men færre FYSIKK 2. |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| FA/NUK 03/24 | Utveksling | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Studieadministrasjonen held på med sikring av informasjon på nettsidene til dei to programma. Begge programma har ein del informasjon på sidene, men treng å sikre at det som er lagt ut er riktig. For å sikre at studentane skal ha lyst å dra ut, bør ei og ha som mål å konkretisere einskilde emner hjå partner som studentar får godkjend om dei dreg ut. Det vi treng er en eller fleire vitenskapelege tilsette til å hjelpe med å kartlegge gode partnerar og kva emner vi kan anbefale til dei som vil på utveksling. ReferatMe må sjå over nettsidane våre for utveksling, for og sjå om dei kan bli betre. Vi må trygge studentane mest mogleg og gjere det enklare å velga utveksling. Eit forslag er at Andreas og Grete ser på sidene til NUK-TEK, medan Espen, Joakim og Frode ser på FA. Særleg bør FA sjå om dei som velgjer Astronomi-retninga kan få eit enklare val, med forhandsgodkjende emner. |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| FA/NUK 04/24 | 80-gruppe for nukleærteknologi | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Nokre studentar fell frå programma og prøver seg på det som kallast fritt samansette grader. Hjå fysisk institutt har vi per i dag ei 40-gruppe i fysikk og ei 80-gruppe i fysikk. Studieadministrasjonen lurer på om det trengs ei 40-gruppe eller ei 80-gruppe i nukleærteknologi. Om det er noko programrådet ynskjer treng studieadministrasjon minst ein vitenskapeleg tilsett for å jobbe med kva emner som skal vere med i gruppa før utdanningsutvalet tek stilling til innhaldet. ReferatProgramrådet meinte at me godt kan vurdere ei slik 80-gruppe, om det kan hjelpe studentar. Men me burde óg vurdere om FYS80-gruppa kan dekkje behovet. Kanskje med nokre små endringar. Andreas og Grete ser på detaljane rundt ei slik gruppe og kjem attende til programrådet med eit forslag. |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| FA/NUK 05/24 | Erfaringar frå "Fysikk i første studieåret" | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Det er 2 år sida vi fekk dei første studentane på Fysikk og astronomi etter at ein gjorde om på det første året av studiet. Det siste emna frå denne revideringa vert introdusert frå våren 2025. Kva erfaringar har medlemmane gjort seg undervegs? ReferatJoakim seier han har prata med Johannes Skaar som har FYS1105, og at dei begge har justert emna frå fyrste gong dei underviste dei. Det kan ha blitt litt mykje stoff i begge emna, men dei prøvar å tilpasse. Mange kildar seier at studentane ikkje er helt nøgde med STK-FYS1110, og da særleg ikkje den fyrste delen. Joakim ynskjer eit møte med fleire av dei som er involverte i undervisninga, også i andre året. Me kan vurdera å ha eit eget møte om STK-FYS1110, men det må me vurdera etter det fyrste møtet. Grete og Espen foreslår at eit slikt møte bør berammas til tidlig januar. Samtidig med første veka med undervisning til dømes. |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| FA 06/24 | Studiebarometer 2023 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Studiebarometeret 2023 er gjennomført og statistikk er sendt ut frå NOKUT. Rapporten frå NOKUT er opplenka (Studentar i 2. året) og utdanningsutvalget (UU) ved Fysisk institutt ber programrådet diskutere dei ulike punkta i undersøkinga og at programrådsleiar tek med dei punkta programrådet ønskjer å sjå grundigare på til UU for vidare diskusjonar. Målet er at ein i UU får sett på omfanget av alle programma ved instituttet. Kjernefysikk og nukleærteknologi vart starta hausten 2023 og blir først målt hausten 2024. Altså er det ingen rapport før neste gong. Referat:Det meste er positivt i FA-rapporten, men det finns sjølsagt nokre forbetringspunkt. Espen ytra seg negativ til tidspunket undersøkinga gjøres, og kunne ønskje den vart gjort i femte semester. Men som Maria sa, fangar vi no kanskje opp nokre av årsakene til at einskilde studentar sluttar etter tre eller fire semestre. Maximilian og Artis ser ikkje frå sitt perspektiv at det manglar mykje arbeidslivsrelevans, men Espen kommenterar at studentane nok ikkje merkar mangelen på detta før dei sit og ska søka jobb. I NUK-TEK har dei flust av seminarar og slikt for studentane, og me er spende på korleis detta vil slå ut på svara til dessa studentane. Andreas foreslår at me kanskje bør ha eit fokus på sommarjobbar, da detta kanskje kan verka meir relevant for bachelorstudentane.
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
EVENTUELT Instituttet har fått laga programfilmer (rekrutteringsfilmer) til FA og NUK-TEK. Espen skal sjå om han finn lenker som kan sendast til programrådet. |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Merk at sensitive opplysninger skal teiast om, og berre kan diskuterast mellom medlemmane som sjølv har motteke opplysningane. Dette gjeld opplysningar som kjem i forkant, under og etter møtet. Papir med sensitive opplysningar skal makulerast etter møtet. | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Joakim Bergli | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Leiar | Grete Stavik-Døvle / Espen Murtnes | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Programkoordinatorar | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Referat 8. oktober 2024
Publisert 23. okt. 2024 10:01
- Sist endret 23. okt. 2024 12:27