Disputas: Mass Soldal Lund

cand.scient. Mass Soldal Lund ved Institutt for informatikk vil forsvare sin avhandling for graden ph.d. (philosophiae doctor)

"Operational analysis of sequence diagram specifications"

Tid og sted for prøveforelesning

28. feb. 2008 10:15 (rom Alfa Omega, NR, 4. etasje, Informatikkbygningen) - Proof carrying code

Bedømmelseskomité

  • Professor Bernhard Rumpe, Software Systems Engineering Institute, Braunschweig University of Technology, Tyskland

  • Professor Jens Grabowski, Institute for Computer Science, University of Göttingen, Tyskland

  • Professor Olaf Owe, Department of Informatics, University of Oslo

Leder av disputas

Anders Elverhøi

Veileder

  • Ketil Stølen (SINTEF/UiO - hovudrettleiar)
  • Øystein Haugen (SINTEF/UiO)
  • Birger Møller-Pedersen (UiO)
  • Rolv Bræk (NTNU)

For mer informasjon

Mass Soldal Lund har i doktorarbeidet sitt, utført ved Institutt for Informatikk ved Universitetet i Oslo og SINTEF, utvikla ein metode for å betre utviklinga av store datasystem. Metoden vert nytta til å analysere beskrivingar av kommunikasjonen mellom dei ulike delane av eit datasystem.

Ei av utfordringane ved store datasystem er å få delane i systemet til å jobbe på same lag. Delane må snakke saman og systemet må oppføre seg slik ein har planlagt. Ved utviklinga av store datasystem er det alltid ein fare for å mista oversynet over dei grunnleggjande ideane. Lund sitt bidrag kan gjere det lettare for systemutviklarar å ikkje miste dette oversynet.

Lunds forsking er innanfor såkalla modelldriven utvikling. Innanfor denne retninga vert datasystem skildra som modellar. Slike modellar kan ein sjå på som arbeidsteikningar av datasystemet, og desse står sentralt i heile utviklingsprosessen. Sekvensdiagram frå språket UML er ein type modellar som er mykje brukt innanfor modelldriven utvikling. Sekvensdiagramma skildrar grafisk korleis dei ulike delane av systemet kommuniserer med kvarandre, og kan verta brukt i alle stadium av utviklingsprosessen – frå skisser på idestadiet til tekniske detaljar.

Når beskrivingane av store datasystem veks, veks også mengda av detaljar i sekvensdiagramma, og det vert vanskelegare å sjå det store bilete. Lund har utvikla ein metode som, basert på matematiske teoriar, sikrar at ein ikkje mistar oversynet når detaljnivået aukar i sekvensdiagramma. Forskinga til Lund kan på den måten vera med på å gjere det lettare for systemutviklarar å konstruera meir korrekte og velfungerande datasystem.

Kontaktperson

For mer informasjon, kontakt Lena Korsnes.

Published Feb. 25, 2011 11:21 AM - Last modified Mar. 25, 2014 10:45 AM