Tal og fakta

Kjemisk Institutt er eit leiande akademiske forskingsinstituttet i kjemi i Noreg. Her finn du eit breitt undervisingstilbod av høg kvalitet, og forsking av internasjonal toppklasse. 

Ein stor og aukande del av verksemda er eksternt finansiert og Kjemisk Institutt har i dag over 200 tilsette. Instituttet har stor kontaktflate internt ved UiO og ikkje minst eksternt til norske og internasjonale universitet, til den norske instituttsektoren og til norsk og internasjonalt næringsliv.

Instituttet er vert for eit senter for framifrå forsking: The Hylleraas Centre for Quantum Molecular Sciences. Senteret bygger på et tidligare senter for framifrå forskning: Centre for theoretical and computational chemistry (CTCC) med Universitetet i Tromsø, som no er avslutta. Instituttet har også ein vesentleg aksje i eit senter for fornybar energi med fokus på solceller og batterier. Instituttet utdannar kandidatar til næringsliv, offentleg forvaltning og instituttsektoren, men også til skulevesenet og akademia. 

Nøkkeltal Kjemisk institutt

Over 200 tilsette, over 30% av desse har internasjonal bakgrunn

Over 300 bachelor- og masterstudenter

Over 30 aktive forskningsprosjekt

Over 200 vitenskapelege publikasjonar pr. år

 

1 Nobelprisvinner (1969 - Odd Hassel)

 

Publisert 17. des. 2010 14:55 - Sist endra 25. nov. 2019 13:09