English version of this page

Tal og fakta

Kjemisk Institutt er eit leiande akademiske forskingsinstituttet i kjemi i Noreg. Her finn du eit breitt undervisingstilbod av høg kvalitet, og forsking av internasjonal toppklasse.

Ein stor og aukande del av verksemda er eksternt finansiert og Kjemisk Institutt har i dag over 123 tilsette. Instituttet har stor kontaktflate internt ved UiO og ikkje minst eksternt til norske og internasjonale universitet, til den norske instituttsektoren og til norsk og internasjonalt næringsliv.

Instituttet er vert for eit senter for framifrå forsking: The Hylleraas Centre for Quantum Molecular Sciences. Senteret bygger på et tidligare senter for framifrå forskning: Centre for theoretical and computational chemistry (CTCC) med Universitetet i Tromsø, som no er avslutta. Instituttet har også ein vesentleg aksje i eit senter for fornybar energi med fokus på solceller og batterier.

Instituttet utdannar kandidatar til næringsliv, offentleg forvaltning og instituttsektoren, men også til skulevesenet og akademia. 

Nøkkeltal Kjemisk institutt

Tal per 31.12.2024.

Årsverk: 123

  • administrasjon: 8
  • teknisk tilsette: 27
  • stipendiatar/postdoc.: 90
  • forskar, midlertidig tilsett: 10
  • forskar, fast tilsett: 27

Studentar, aktive: 280

  • bachelor (Kjemi og biokjemi): 102
  • bachelor (Fornybar energi og nanoteknologi): 71
  • master (Kjemi): 65
  • master (Materialvitenskap for energi- og nanoteknologi): 27
  • master ( Computational Science, kjemi): 4
  • master (Lektor): 11

Studieprogram: 

  • 2 bachelorprogram
  • 4 masterprogram
  • Etter og videreutdanningsprogram

Disputaser: 17

Fagområder:

  • Atmosfærekjemi,
  • Elektrokjemi,
  • Katalyse og organisk kjemi,
  • Kjemididaktikk,
  • Kjemisk livsvitenskap,
  • Kjernekjemi,
  • Teoretisk kjemi,
  • Uorganisk kjemi

1 Nobelprisvinner (1969 - Odd Hassel)

Publisert 17. des. 2010 14:55 - Sist endra 19. mai 2025 13:15