English version of this page

Toppforsking på universet får 40 millionar kroner

Korleis utvikla universet seg frå Big Bang til i dag – og kvifor går utvidinga stadig raskara? Dette er blant spørsmåla professor i kosmologi David Fonseca Mota og forskar Farbod Hassani ved Universitetet i Oslo no får 40 millionar kroner frå Forskingsrådet for å utforska.

Portrettbildet av en smilende David Mota

«Eg er veldig glad no, det er eg verkeleg,» seier David Fonseca Mota, som blir tildelt 40 millionar kroner til prosjektet sitt.

Foto: M. D'Angelo
Av Martina D'Angelo, David Fonseca Mota
Publisert 24. mars 2026

Verdssleiande miljø innan kosmologi

Forskingsrådet har løyvd 40 millionar kroner til eit toppforskingsprosjekt som skal byggje opp eit verdsleiande forskingsmiljø innan astronomi ved Institutt for teoretisk astrofysikk, UiO. Ordninga for banebrytande forsking støyttek prosjekt av høg kvalitet på tvers av fag, basert på forskarane sine eigne idear, og krev samarbeid mellom leiande forskarar.

David Mota er professor i kosmologi og leiar forskingsgruppa for kosmologi og ekstragalaktisk astrofysikk ved instituttet. Han skal, saman med kollega Farbod Hassani og eit større internasjonalt team, leie det nye prosjektet.

Jakta på mørk energi

I solsystemet vårt verkar Einsteins generelle relativitetsteori å stemma perfekt. Men når forskarane ser på universet i stort – frå galaksar til sjølve Big Bang – får ikkje rekneskapen heilt til å gå opp utan å ta med to mystiske storleikar: mørk energi og mørk materie.

– Prosjektet, som heiter EDGE – Exploring Dark Energy and Gravity throughout Cosmic Evolution, skal undersøkje om den akselererande utvidinga av universet kjem av ei ukjend form for energi, eller om det betyr at sjølve gravitasjonslova må endrast, svarer Mota.

illustrasjon av euclid romteleskopet foran en kosmisk webb.
Det europeiske romteleskopet Euclid skal undersøkja effekten av mørk materie og mørk energi på meir enn 2 milliardar galaksar. Illustrasjon: ESA.

Universet i superdatamaskina

For å nærma seg svaret vil EDGE laga svært avanserte datasimuleringar. Desse skal visa korleis universet utviklar seg, korleis galaksar blir til, og korleis gravitasjonsbølgjer frå samanslåingar av svarte hol breier seg gjennom rommet.

– Simuleringane blir samanlikna med data frå store internasjonale prosjekt, som Euclid -galaksesurveyen og LIGO–Virgo–KAGRA-eksperimentet for gravitasjonsbølgjer. Ved å kombinera informasjon frå både lys og gravitasjonsbølgjer vil me testa ulike teoriar for gravitasjon i eitt felles rammeverk, forklarer professoren.

Open vitskap og globalt samarbeid

EDGE samlar forskarar frå heile verda og legg stor vekt på open vitskap. Programvare, simuleringar og resultat skal gjerast fritt tilgjengelege.

— Programvare, simuleringar og resultat skal gjerast fritt tilgjengelege, slik at forskarar globalt kan bidra til ei betra forståing av utviklinga til universet, dets innhald og dei grunnleggjande lovene som styrer det, undertrekar Mota.

Slik håpar Mota, Hassani og kollegaene deira å leggje grunnlaget for ny forståing av universet – ikkje berre om korleis det ser ut i dag, men også kva det er laga av, og kva for naturlover som faktisk styrar alt.


Les og

Meir om

Emneord: Kosmologi, kosmologi og ekstragalaktisk astronomi, mørk energi, Mørk materie, forskning, Forskningstøtte MN
Publisert 24. mars 2026 15:10 - Sist endret 24. mars 2026 21:38