Gratulerer med dagen Hubble!

I dag er det 30 år sidan Hubble opna auga mot universet. Teleskopet har vist oss nokre fantastiske astronomiske underverk.

hubble romteleskop bilde av verdensrom

Biletet viser den store stjernetåka NGC 2014 og dens nabo NGC 2020. Desse er ein del av ein gigantisk stjernedannande region  i den store magellanske skya, ein av Melkeveiens satellittgalaksar lokalisert ca. 163 000 lysår unna. Biletet har fått kallenamnet "det kosmiske korallrevet" fordi det minner om ei undersjøisk verd. Biletet ligg no ved Institutt for teoretisk astrofysikk, Universitetet i Oslo. Foto: NASA, ESA, and STScI

Det rombaserte Hubble-teleskopet (Hubble Space Telescope, som det heiter på engelsk) revolusjonerte astronomien då det vart skote oppi april 1990. 

Medan det har gått i bane 600 kilometer over jorda, har teleskopet teke meir enn 1,4 millionar bilete av stjerner, planetar og galaksar – skarpare enn noko bakketeleskop av tilsvarsande storleik kan klarte. 

Desse observasjonane har gitt opphav til over 17 000 vitskapslege artiklar, noko som gjer det til eit av dei mest produktive romobservatoria i historia.

Les meir om kva me har lært om universet gjennom Hubbles sensitive auge på Titan.uio.no

Emneord: Hubble Space Telescope Av Martina D'Angelo
Publisert 24. apr. 2020 14:27 - Sist endret 13. mai 2024 12:49