Hubbles lov skiftar namn!

Hubbles lov blir Hubble-Lemaître-loven. Det har verdas 13 500 fagastronomar i over 100 land, medlemmer i den internasjonaleastronomiske unionen IAU, bestemt gjennom ei uravstemming, der 78% stemde for et namneskifte.

Astronomar Edwin Hubble (til høgre) og Georges Lemaître (til venstre) som først utvikla teoriar om utvidinga av universet. Bakgrunnsbilete av NGC 6302, ei planetarisk tåke kalla "Sommerfugltåken" teke av Hubble Space Telescope. Bilete: COPC 2913, Image courtesy of the Observatories of the Carnegie Institution for Science Collection at the Huntington Library, San Marino, California; UCL Archives; NASA / ESA / Hubble

I 1929 publiserte den amerikanske astronomen Edwin Hubble ein artikkel der han viste at observasjonar av dei fjernaste galaksane ein den gongen kunne sjå viste at heile universet utvidar seg, at alle galaksar fjernar seg frå kvarandre med ein fart som er proporsjonal med avstanden mellom dei. Dette er akkurat det same ein ville sjå viss ein var ei rosin i ein bolledeig som hevar, og ein målte avstanden mellom rosiner og farten dei har i forhold til kvarandre.

Hubbles berømte lov

I 1931 publiserte Hubble ein ny artikkel saman med kollegaen sin Milton Humason, der dei med nye data viste at dette stemmer med god nøyaktigheit. Det dei fann, kan visast med ein enkel formel, v =H0d, der v er farten mellom to vilkårlege galaksar, d er avstanden mellom dei og H0 er ein konstant storleik, som er kalla Hubble-konstanten.

Dette var ei revolusjonerande oppdaging, all «vanleg fornuft» hadde til då sagt at universet samla sett er uforanderleg. Då Albert Einstein laget sin generelle relativitetsteori, hadde han putta inn eit ekstra ledd som han kalla den kosmologiske konstanten, for å få universet til å verken utvida seg eller trekkja seg saman. Seinare kalla han dette for «sitt livs største tabbe». Dette er historia slik ho for det meste blir framstilt. Men er det heile historia?

Utvidinga til universet før Hubble

Første side av Georges Lemaîtres artikkel, publisert i 1927. Kilde: NASA Astrophysics Data System 

Den unge belgiske presten og astronomen Georges Lemaître hadde alt i 1927 publisert ein artikkel der han for det første viste matematisk at frå Einsteins generelle relativitetsteori var det naturlege at universet samla sett skulle utvida seg, og at denne utvidinga ville følgja den lova som seinare vart oppkalla etter Edwin Hubble. Men ikkje nok med det, han viste at med dei dataa ein alt hadde i 1927 vart det observasjonelt stadfesta at denne lova vart følgd i det verkelege universet, og han bestemde det som seinare er kalla Hubble-konstanten.

Kvifor vekte ikkje dette straks den store interessa hos astronomane i verda?

Tidsskrift påverkar!

Første side av Hubbles artikkel om utvidinga til universet, publisert 17.1.1929. Kilde: PNAS

edan Hubble i 1929 skreiv artikkelen sin på engelsk i «Proceedings of the National Academy of Science», og Hubble og Humason i 1931 skreiv artikkelen sin på engelsk i det internasjonalt største astronomiske tidsskriftet «Astrophysical Journal», skreiv Lemaître sin artikkel på fransk i det vesle belgiske tidsskriftet «Annales de la Société Scientifique de Bruxelles», som vart svært lite spreidd internasjonalt. Lemaître var dessutan, i motsetning til Hubble, kjent som ein svært beskjeden person. Endå eit faktum er interessant her, i juli 1928 var både Lemaître og Hubble saman på generalforsamlinga i den internasjonale astronomiske unionen, og det er kjent at Lemaître der diskuterte oppdagingane sine med Hubble.

Lemaître blir anerkjent

Med denne bakgrunnen har den internasjonale astronomiske unionen IAU ved uravstemming med stort fleirtal i oktober 2018 vedteke å tilrå at utvidinga til universet frå no av skal omtalast som «Hubble-Lemaître-loven». Grunngivinga som er gitt er at det er for «å hylla både Georges Lemaître og Edwin Hubble for dei fundamentale bidraga deira til utviklinga av moderne kosmologi, for å heidra Georges Lemaîtres intellektuelle integritet som gjorde at han verdsette framgangen til vitskapen meir enn sin eigen synlighet, for å framheva rolla generalforsamlingane i den internasjonale astronomiske unionen IAU har i å fremja utveksling av synspunkt og internasjonale diskusjonar, og for å informera om dei historiske faktaa, slik at dei kan vera bakgrunn for framtidig vitskapleg debatt».

Og kva såg med H0? Den skal framleis heita Hubble-konstanten.

Av Per Barth Lilje og Martina D'Angelo
Publisert 5. des. 2018 10:44 - Sist endret 8. feb. 2024 14:25