Her er paradokset om lyshastigheten etter Big Bang

Korleis kunne universet, rett etter Big Bang, utvida seg raskare enn farten til lyset? Dette strir vel mot Einsteins lover?

portrettbildet av prof. Eriksen, man med briller og munnbind på
Prof. Eriksen forklarer korleis universet, under inflasjonen, kunne utvida seg frå kvantemekaniske til astronomiske storleikar på ein mikroskopisk augneblink. Foto: Ola Sæther.

Astrofysikarar ved UiO skal avsløra korleis universet såg ut den første augneblinken etter Big Bang, i ei spesiell tid kjent som inflasjonen. Denne spesielle tida varte så kort som 10 opphøgde i minus 34 sekunde. På denne ufatteleg korte tida ekspanderte universet frå storleiken av eit atom til ei breidd på 1 til 100 lysår. Det er enormt stort. Og det var nettopp i denne korte skapingsaugneblinken at all materien som me ser i dag, vart danna.

– Me kan derfor kalla inflasjonen for den mest epokegjerande i tilbliinga til universet, poengterer professor Hans Kristian Eriksen på Astrofysisk institutt til Apollon.uio.no.

Men korleis kunne universet, rett etter Big Bang, utvida seg raskare enn farten til lyset? Dette strir vel mot Einsteins lover?

Les Eriksens forklaring på korleis universet kunne ekspandera raskare enn farten til lyset i denne artikkelen i forskingsmagasinet APOLLON.

Les også:

Publisert 21. mai 2021 16:15 - Sist endret 24. mai 2023 13:47