– Studentane er våre kundar og arbeidsgjevarar

«Den optimale foreleser» står det på diplomet som viser at studentutvalet ved MN-fakultetet kåra Harald Thidemann Johansen til årets forelesar 2019. Professoren si dør står alltid open for studentane.

Harald Thidemann Johansen pøå talerstolen under prisutdelingen
Harald Thidemann Johansen. Fotograf: Wenche Willoch/UiO. Lisens: CC BY 4.0

– Utan farmasistudentar, ikkje noko Farmasøytisk institutt. Ja, vi driv med forsking, men det er kombinasjonen av forsking og undervisning som gjer oss til eit institutt ved eit universitet, slår professor Harald Thidemann Johansen fast.

Det er ikkje mange dagane sidan han sto på scena på fakultetets årsfest og tok mot hyllesten som årets forelesar. Men diplomet har alt kome på veggen på kontoret hans i Gydas vei 8, Farmasøytisk institutt sin utpost på Majorstua. På Facebook har det strøymd inn gratulasjonar frå noverande og tidlegare studentar. «Superflink» og «velfortent» er ord som går igjen.

Pris for godt læringsmiljø

– Det er sjølvsagt ei ære og ei glede for meg personleg å få ei slik stadfesting på at det eg gjer vert verdsett av dei det er meint for. Samstundes er det viktig for meg å få fram kor viktig det har vore og er å vera del av eit fagmiljø som tenkjer på same måte om undervisningsformer, understrekar han.

– På 90-talet vart problembasert læring tatt i bruk som undervisningsmetode av miljøet rundt Hege Christensen ved Avdeling for farmakologi. Det resulterte i UiOs undervisningspris for godt læringsmiljø, men førde òg til at vi sidan den tid har vore bevisste på forskjellen mellom vår undervisning og studentane si læring.

– For oss vitskaplege er den enklaste undervisningsforma forelesinga, spesielt når ein har undervist nokre år. Hent fram forelesinga frå i fjor, snakk i tre kvarter, ta nokre spørsmål, ferdig. Kom tilbake neste år. Heller ikkje for studentane treng forelesinga som form vera særleg krevjande.

Impuls til å gjera ting annleis

Problemet er at studentane ikkje nødvendigvis lærer så mykje i løpet av den timen forelesinga varer, seier Johansen.

– Utfordringa for oss er å leggja til rette for undervisningsformer som fremmer læring. Studentaktive undervisningsformer er eitt svar på dette. Men det kan vera krevjande for både lærar og student! Det er flott at fakultetet no arbeider aktivt med å gi oss både idear og verktøy til å klara dette på ein betre måte.

Johansen brukar studentresponssystemet Mentimeter i undervisninga, og tilrår andre å gjera det same.

– Det er ei kjelde til aha-opplevingar for både forelesar og student. Etter ei forelesing kan begge sitja att med inntrykk av at dette har gått bra. Men ein enkel quiz viser fort kvar landet ligg! Dette kan vera ein impuls for læraren til å gjøre ting annleis, og for studenten til å ta et meir aktivt ansvar for eiga læring. Ei anna kjelde til korrigeringar av undervisninga er møta med studentar ansikt til ansikt.

Kvantesprang i forståing

– Studentar som kjem etter forelesingar i plenum og ber om få klargjort ting, er jo dei som opplever kvar skoen trykkjer, kva som er uklart. Eg opplever det som ein veldig interessant interaksjon, seier han.

Ein-til-ein-situasjonen omtalar han som den optimalt pedagogiske måten å møtast på, og viser til at det til dømes er slik musikarar får undervisning.

– Fullt så tett oppfølging har sjølvsagt ikkje vi kapasitet til. Men eg meiner at alle forelesarar bør leggja alt anna til side når ein student kjem på døra. Dei er både  kundar og arbeidsgjevarar for oss. Slike samtalar kan fort føra til eit kvantesprang i studenten si forståing av stoffet.

Gullår

Heilt utan atterhald er han likevel ikkje, og fortel om studentar som har bede han kopiera opp dokument for dei. Men for studentar med seriøse spørsmål, står Johansen si dør alltid open.

­– Bortsett frå at det er så vanskeleg å koma inn til oss her i Gydas vei.

PS. 2019 har vore eit gullår for Johansen. I mars fekk han og professorkollega Rigmor Solberg frå Farmasøytisk institutt 5 millionar kroner frå Olav Thon Stiftelsen, til eit forskingsprosjekt leia av professor Moustapha Kassem frå Syddansk Universitet.


Grunngjevinga frå studentutvalet

"Årets foreleser er Harald Thidemann Johansen. Harald er professor i Seksjon for farmakologi og farmasøytisk biovitenskap på Farmasøytisk Institutt. Det vil si at han underviser i farmakologi, fysiologi og farmakoterapi. Han er involvert i fag på alle fem kull, noe som er imponerende nok i seg selv.

Den optimale foreleser er en som alltid viser et brennende engasjement for temaene han underviser. Det gjør Harald, og han klarer også å å spre dette engasjementet videre til studentene i forelesningssalen gjennom sitt positive vesen og alltid-påsittende labfrakk. Den har han på seg hvor enn han går. Harald har også ekstremt gode pedagogiske evner som bidrar til studentaktive forelesninger og stort læringsutbytte. Han gjør stoffet lettere å lære ved å lage fine og lett forståelige forelesninger, gir gode eksempler og ikke minst så motiverer han med Quiz. Han er rågod i Mentimeter, der man kan vinne en pensumbok eller to om man har flaks. Han er flink til å podcaste hver forelesning, og er aktiv med informasjon på Canvas."

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar
Publisert 25. okt. 2019 14:17 - Sist endret 25. okt. 2019 15:03