Masterstudentar utviklar læringsressurs for masterstudentar

Avanserte modellar gjer det mogleg for studentane å visualisera komplekse problemstillingar.

Fire studenter utendørs i solskinn

Frå ventre: Erin B. Bjørkeli, Linda Tran, Benedicte Brandsnes Nyheim, Pari Faraj

– Farmasøytar er vane med å jobba med anna helsepersonell, men å jobba tverrfagleg med fysikkstudentar gjer ein ikkje så ofte. Det var gøy, seier Pari Faraj.

Ho er i gang med femte året av farmasistudiet. Det same er Linda Tran, og sommaren før det avsluttande studieåret har dei to brukt til å tråla litteraturen etter estimerte tal for ulike tiltak mot feil bruk av legemiddel.

Dra i spakar

Estimata har så blitt lagt inn i eit dataprogram utvikla av dei to fysikkstudentane Erin B. Bjørkeli og Benedicte Brandsnes Nyheim. Programmet skal brukast av studentane på FARM5220 – Farmakologi og legemiddelovervåkning, eit nytt masteremne i farmasi som startar i januar.

– Emnet skal sjå på korleis ulike tiltak kan hjelpa mot feilbruk. Kommunikasjon med legen, t.d., eller pasientbrosjyrar. Det er spesielt to legemiddel vi har undersøkt, metotreksat og fingolimod, fortel Tran.

– Studentane kan leika med ulike parameter, dra i spakar, for å visualisera korleis ulike tiltak hjelper og kva som er mest effektivt. Sidan det som ligg i programmet berre er estimat, må dei òg drøfta kva andre faktorar som kan spela inn, supplerer Faraj.

Integrering bør skje gradvis

Samarbeidet er finansiert av Center for Computing in Science Education (CCSE). Initiativet kom frå forskar Angela Lupattelli ved Farmasøytisk institutt.

– Studentane våre treng stadig meir kompetanse i dataanalyser og «computational science» i arbeidslivet, og då er det viktig at vi alt no endrar realfagundervisinga vår, seier ho.

– Vi hadde ei veldig positiv erfaring frå eit liknande samarbeid med CCSE i fjor.

Ho meiner prosjektet har stor betyding for undervisinga ved instituttet, og seier at integrering av berekningar bør skje gradvis gjennom heile farmasistudiet.

Skal ikkje ta emnet sjølv

– Visualisering er pedagogisk sett veldig bra, og bør brukast meir i undervisinga. Prosjektet vil òg kunna gje studentane eit anna perspektiv på farmasistudiet, og oppmuntra til meir fleksible tenking, seier ho.

Og når Faraj og Tran har vore med å utvikla ressursen, har vel dei òg eit forsprang når emnet skal i gang?

– Nei, vi har nok ikkje det, for vi skal ikkje ta emnet sjølve, smiler Tran.

– Det er kullet etter oss som skal ta dette i bruk.

Skjermdump av en graf
Graf som illustrer epredikert effekt av ulike tiltak som kan bidra til redusert feilbruk av metotreksat.
Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 11. sep. 2020 13:46 - Sist endret 11. sep. 2020 13:49