– Sommarprosjektet ved FAI ga oss eit nytt syn på vitskaplege artiklar

Det er ikkje alle studentar som brukar sommaren på sommarjobb eller ferie. Møt to masterstudentar som brukte tida på tverrfaglig forsking innan livsvitskap.

Mila Apostolova og Fatima Fawad

Mila Apostolova (t.v.) og Fatima Fawad er nøgde med sommarprosjektet. Foto: Torstein Helleve/UiO

Fatima Fawad og Mila Apostolova er masterstudentar i høvesvis biovitskap og kognitiv nevrovitskap. Sommaren pleier mange å ta eit avbrekk frå studiane, men desse to studentane var svoltne på meir akademia.

Derfor deltok begge to på eit «matchmaking»-seminar i regi av UiO:Livsvitskap, som finansierer sommarprosjekta. På seminaret møttest og prata studentar og prosjekteigarar med kvarandre. Etterpå gav dei kvarandre ei vurdering, og så vart dei som passa best saman kopla til kvarandre.

– Eg ynskte erfaring med å arbeida i eit akademisk miljø. Eg snakka med så mange prosjekt som mogleg, sjølv om dei ikkje var direkte relatert til feltet mitt, seier Fawad.

– For min del er eg oppteken av språk, og såg etter eit prosjekt med det temaet. Eg høyrer stadig frå professorar at i akademia er det alltid nyttig å utvida interessefeltet sitt og arbeida innan ulike felt, fortel Apostolova.

Eit anna og kritisk blikk

Begge vart fenga av prosjektet til professor Janne von Koss Torkildsen og Hedvig Nordeng frå konvergensmiljøet UiO:RealArt. Så i sommar har dei to, som ikkje kjende kvarandre frå før, gjort ein systematisk litteraturgjennomgang innan språkutvikling knytt til legemiddelbruk under svangerskapet. Prosjektet vart utført i nært samarbeid med veiledarane og bidrog til diskusjonar på tvers av disiplinane.

10-15 personer samlet rundt et spisebord, utendørs under en baldakin
Prosjektsommaren starta med felles lunsj i Frognerparken. Foto: UiO

– Den viktigaste lærdomen har kanskje vore å arbeida i team. Alle har jo forskjellige måtar å arbeida på, så vi var nøydde til å tilpassa oss kvarandre og planleggja arbeidet, inkludert statusrapport kvar veke, seier Apostolova.

– I tillegg måtte vi læra å finna fram i nye databasar og plattformar som er nødvendig for ein slik systematisk gjennomgang.

– Og vi har lært å lesa vitskaplege artiklar på ein ny måte. Før tenkte ein kanskje at det som står i ein publisert artikkel må vera riktig, at den er kvalitetssikra på alle moglege måtar, legg Fawad til.

– Men slik er det ikkje alltid, fann vi ut. Så no har vi lært å lesa vitskaplege artiklar med eit heilt anna og meir kritisk blikk.

Saknar farmasistudentar

Professor Hedvig Nordeng leiar også forskingsgruppa PharmaSafe ved Farmasøytisk institutt, der 11 studentar har delteke på ni prosjekt, under til saman 13 veiledarar med bakgrunn frå farmasi, informatikk, genetikk, psykologi og spesialpedagogikk.

– Vi har gjort fleire funn som det vil vera viktig å få publisert, og mange av prosjekta er pilotar for planlagde, større prosjekt. Vi håpar at nokon av dei yngre forskartalenta som har jobba hjå oss har fått smaken på forsking på farmasøytiske tema, seier ho.

– For UiO:RealArt og PharmaSafe er sommarprosjekta viktige for å trena forskarar frå ulike disiplinar og fakultet på å samarbeida vitskapleg.

Det einaste saknet er at det ikkje var nokon farmasistudentar som deltok.

– Studentane som deltek får kr. 50 000,– i stipend, så det kan jo vera eit fint alternativ til sommarjobb i apotek. Her får ein jo akademisk erfaring for dei som vurderer ein karriere innan forsking eller industri.

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 30. aug. 2022 08:17 - Sist endret 14. okt. 2022 15:46