Fagleg-pedagogisk dag 2023

Torsdag 2. november er det Fagleg-pedagogisk dag ved Universitetet i Oslo. Dagen er eit tilbod til lærarar for fagleg påfyll i fag dei underviser i eller ynskjer å læra meir om. Institutt for geofag og NHM deltek i år med fire foredrag, sjå programmet her! 

Foto: Besøk Faglig-pedagogisk dag 2023 ved UiO for fagleg oppdatering og spennande forelesingar for alle som jobbar i skulen. Foto: gk/UiO

Besøk Faglig-pedagogisk dag 2023 ved UiO for fagleg oppdatering og spennande forelesingar for alle som jobbar i skulen. Foto: gk/UiO

På fagleg-pedagogisk dag torsdag 2. november deltek Institutt for geofag i samarbeid med Naturhistorisk museum med i alt fire foredrag. Underviser du i geofag, geografi, fysikk og/eller naturfag eller er interessert i desse faga, få med deg nokre av foredraga. Dagen er ein god anledning til å læra noko nytt!

Fire foredrag innan geofag på årets FPD

Institutt for geofag i samarbeid med Naturhistorisk museum har med fire foredrag på årets program. Foredraga er i Aud 4 i Vilhelm Bjerknes hus, Blindern, frå 10-14, og er desse:

  • 10:15-11:00: Arven etter Esmark: hvordan bruker vi kunnskapen om istidene i dag?  Forelesar: Førstelektor Karianne Staalesen Lilleøren
  • 11:15-12:00: Mikrofossiler avslører Oslofjordens miljøtilstand.
    Forelesar: Senioringeniør Silvia Hess, studentprosjekt presentert av Adriana Amundsen Dauvi
  • 12:15-13:00: Masseutryddelser og hvordan livet kommer seg igjen.
    Forelesar: Professor Jørn Hurum
  • 13:15-14:00: Å undervise om atmosfærens og havets varmetransport på en roterende jord. Forelesar: Professor Pål Erik Isachsen

Les meir om foredraga på programmet for fagleg ped dag!

Velkomen til alle interesserte!

Påmelding:

Faglig-pedagogisk dag er satt saman av fleire fagløp, og du vel sjølv dei forelesingane du vil delta på. Dagen er gratis og open for alle som jobbar i skulen. Påmelding skjer per foredrag, og lenker til påmeldingsskjema ligg under kvar forelesning. 
 
Gå til programmet for Faglig pedagogisk dag og meld deg på

Fagløp geofag 

Foredrag frå Institutt for geofag og Naturhistorisk museum, UiO

 

Publisert 29. sep. 2023 10:56 - Sist endra 4. jan. 2024 13:22