English version of this page

Finn fram til Institutt for geofag

Institutt for geofag, hovedinngangen i Geologibygninga i Sem Sælands veg 1. Foto: GKT

Institutt for geofag, hovedinngangen i Geologibygninga. Foto: GKT/UiO

Institutt for geofag er lokalisert over fire bygningar på Blindern. Den største delen av instituttet er å finna i Geologibygninga, mens seksjonane; GEO-PGP er i Fysikkbygget, CEED er i ZEB-bygninga, og MetOs er i Kristine Bonnevies hus. Alle i kort gangavstand frå Geologibygninga.

Studier og administrasjonen er i 1 etg. i Geologibygninga.

Offentleg transport; T-bane

Frå Oslo sentrum tek du T-banen til Blindern T-banestasjon.

Slik kjem du deg til GEO-, Fysikk- og ZEB-bygningane

Gå frå Blindern T-banestasjon i retning UiOs campus, gå Blindernvegen mot Helga Engs hus, og gå over plassen forann Helga Engs hus. Du kommer da til Sem Sælands veg der GEO-, ZEB-og Fysikkbygget er. 

Slik kjem du deg til Kristine Bonnevies hus

Gå frå Blindern T-banestasjon i retning UiOs campus, ta til høgre og gå langs Blindernvegen, ta så til venstre ved Motke Moes vei. Kristine Bonnevies hus ligg på høgre side, bruk inngang D som er nærmast. MetOs held til i 2. etg. 

Bil og parkering

Skal du parkera på UiOs parkeringsplassar må du registrere deg i parkeringsappen Apcoa Flow, på Apcoas heimeside eller bruka betalingsautomat. 

Fly og flytoget

Kjem du med med fly til Oslo lufthavn – Gardemoen, kan du ta flytoget til Oslo S eller Nasjonaltheateret stasjon.

Frå Oslo S eller Nasjonaltheateret tek du T-banen vidare til Blindern.

Besøksadresser

Geologibygninga

Sem Sælands vei 1 (kart)
Blindern, 0371 Oslo

Fysikkbygget

Sem Sælands vei 24, 4. etg. (kart),
Blindern, 0371 Oslo

ZEB-bygninga

Sem Sælands vei 2A (kart),
Blindern, 0371 Oslo

Kristine Bonnevies hus

Blindernveien 31 (kart)
inngang D frå Moltke Moes vei, 2. etg.
Blindern 0371 Oslo