Geofaredagen 2023

Geofaredagen er ein møteplass og nasjonal konferanse for studentar, undervisarar og alle som jobbar med geofare i Norge. Årets Geofaredag er 19.-20. oktober, og i år arrangeres konferansen av Høgskulen på Vestlandet.

Foto og banner: Geofaredagen 2023, Høgskulen på Vestlandet

Velkommen til Geofaredagen 2023

Geofaredagen er ein møtestad for alle som arbeider med geofare (geohazards), slik som skred i berg og lausmasser, flom, jordskjelv, vulkanutbrot, uvær, miljø- og økonomiske verdiar. Det er ein nasjonal konferanse, der fleire høgare studiestadar alternerer med å vera arrangør. Konferansens målsetjing er å nå dagens og fremtidas forskarar innan geofare, undervisarar i geofare og fagfolk som arbeider innan geofare. Konferansen er på norsk, men bidrag på engelsk vert også akseptert.

Målgruppa for Geofaredagen er studentar som arbeider med geofare-problemstillingar i sin bachelorgrad, mastergrad, doktorgrad, eller som nettopp har avslutta studiet – dette er neste generasjons geofareforskarar.

På konferansen kan deltakarane utveksla erfaringar og møta dei i fagmiljøet som arbeider med geofare. Konferansen også meint å være eit kontaktledd mot viktige offentlige etatar, konsulentar og andre aktørar innanfor fagfeltet.

Påmelding og meir informasjon finn du her:

Viktige frister Geofaredagen 2023

På konferansen presenteres forsking og utvikling innan geofare i Norge og internasjonalt. Det er interessante og aktuelle keynote-foredrag, spennande ekskursjonar, og muntlige- og posterpresentasjonar. Konferansen har desse fristane: 

  • 15.9.2023 — Frist for innlevering av sammendrag/abstract/posters

  • 15.9.2023 — Påmeldingsfrist

  • 19.10.2023 — Geofaredagen - Konferansen

  • 20.10.2023 — Ekskursjon: Geofarer på Vestlandet

Praktisk informasjon og mulighet til å søke reisestøtte

Påmelding til konferansen og konferansemiddag er gratis for deltakarane. Studentar i geologi/naturgeografi har mulighet til å søkja om reisestøtte for å dekke oppholdet og reise i etterkant av konferansen. Det er mulig å delta kun på konferansens 1. dag.

Interessert i å delta? Finn meir nyttig informasjon på nettsida for konferansen:

Praktisk informasjon Geofaredagen 2023

Publisert 11. sep. 2023 14:31 - Sist endret 23. okt. 2023 22:30