Fagleg-pedagogisk dag ved Universitetet i Oslo er i år på torsdag 31. oktober. Dagen er gratis og opent for alle som jobbar i skulen. Institutt for geofag i samarbeid med Naturhistorisk museum (NHM) deltek med fire foredrag på årets program.
Underviser du i geofag, geografi, fysikk og/eller naturfag, eller er interessert i desse faga, få med deg nokre av foredraga. Dette er ein god anledning til å læra noko nytt!

Foredrag innan geofag
Foredraga innan geofag er som vanleg i auditorium 4 i Vilhelm Bjerknes' hus på Blindern, og er mellom kl.10:15 med siste foredrag slutt kl. 13:45. Foredraga vi deltek med er:
- 10:15-11:00: Dinosaurer, evolusjon og masseutryddelser – undervisningsopplegg til skolen på viten.no. Forelesar: Professor Jørn Hurum, NHM
- 11:15-12:00: Droner i geofag. Forelesar: Stipendiat Johan Fredrik Agerup
- 12:15-12:45: Enkelt fortalt – men ikke overforenklet? Platetektonikk, isostasi og jordsystemene. (Varighet 30 min.). Førsteamanuensis Mattias Lundmark
- 13:15-13.45: Isbreers påvirkning på havnivåendringer. (Varighet 30 min.). Forelesar: Professor Regine Hock (foredraget er på engelsk)
Velkomen til alle interesserte!
Påmelding:
Fagleg-pedagogisk dag ved Universitetet i Oslo er satt saman av fleire fagløp, og du vel sjølv dei forelesingane du ynskjer å delta på. Dagen er gratis og er open for alle som jobbar i skulen. Merk at påmelding skjer per foredrag, og lenker til påmeldingsskjemaet ligg under kvar forelesing.
Fagløp geofag
Foredrag frå Institutt for geofag og Naturhistorisk museum, UiO