Fagleg-pedagogisk dag ved Universitetet i Oslo vert i år arrangert torsdag 29. oktober. Dagen er gratis og open for alle som arbeider i skulen. Institutt for geofag deltek i samarbeid med Naturhistorisk museum (NHM) med fire foredrag.
Underviser du i geofag, geografi, fysikk og/eller naturfag – eller er du interessert i desse faga – kan du få med deg eitt eller fleire av foredraga. Dette er ei god anledning til å lære noko nytt!

Fire foredrag innan fagløp geofag
Foredraga innan geofag vert i år haldne i auditorium 1 i Geologibygningen på Blindern. Programmet startar kl. 09.15, og det siste foredraget er ferdig kl. 13.00.
Institutt for geofag deltek i år med fire foredrag:
- 9:15-10:00: Fra jordens største masseutryddelse til reptilenes hav – hvordan livet kom tilbake. Forelesar: Universitetslektor Aubrey Jane Roberts, Naturhistorisk museum/NHM
- 10:15-11:00: Å gjøre CO2 om til stein. Forelesar: Professor Henrik H. Svensen
- 11:15-12:00: Vulkanutbruddenes påvirkning på klima, miljø, og vikingenes samfunn i 500-1250 e.Kr. Forelesar: Professor Kirstin Krüger
- 12:15-13.00: Kollapsen av golfstrømmen og en ny istid i Skandinavia?. Forelesar: Professor Joe LaCasche
Det vert enkel servering med kaffi og te, kjeks og frukt.
Velkomen til alle interesserte!
Påmelding:
Fagleg-pedagogisk dag ved Universitetet i Oslo er sett saman av fleire fagløp, og du vel sjølv kva forelesingar du ønskjer å delta på. Dagen er gratis og open for alle som arbeider i skulen.
Merk at påmelding skjer per foredrag. Lenker til påmeldingsskjemaet finn du under kvar forelesing.
Gå til programmet for faglig-pedagogisk dag og meld deg på!
Fagløp geofag
Foredrag frå Institutt for geofag og Naturhistorisk museum, UiO