English version of this page

Senter for innovative naturgassprosessar og –produkt (inGAP) - SFI

inGAP var eit av 14 nasjonale sentre for forskingsdriven innovasjon, utpeikt av Hovudstyret i Forskingsrådet.

inGAP er avslutta.

inGAP vart avslutta i mars 2015. Her er sluttrapporten for InGAP (pdf, engelsk).
 

Om inGAP

inGAPs visjon er: ”verdiskapning i naturgassprosessar gjennom rasjonell design av prosessar og produkt basert på atomistisk og mekanistisk innsyn i katalysatorar og reaksjonsparameterar under operative føresetnader”.

Forskingsfokus: Utnytting av naturgass

Noreg er per dags dato verdas tredje største eksportør av olje og gass. Sjølv om produksjonen av olje har nådd toppen er gassproduksjonen aukande og var 100 millionar Sm3 i 2009. Noregs attverande gassressursar har blitt anslått til å utgjere 8,1 milliardar Sm3, der 3,3 milliardar Sm3 er uoppdaga (kjelde: Oljedirektoratet 29.06.2010).

Prosessar for foredling av naturgass

Hovudkomponenten i naturgass er metan. CH4-molekylet er svært lite reaktivt under normale reaksjonsvilkår, og til tross for rikeleg internasjonal forskingsinnsats fins ingen industrielle prosessar for direkte aktivering og funksjonalisering av metan. Eksisterande teknologi er basert på bruk av syntesegass som mellomprodukt, noko som krev ein høg temperatur med moderat energieffektivitet. I naturen fins derimot eksempelar på selektiv aktivering av metan ved milde vilkår, spesielt blant bakteriar som nyttar metan i metabolismen.

Partnarane i inGAP studerar både konvensjonelle og nye prosessar (syntesegassproduksjon, Fischer-Tropsch-syntese, omsetjing av metanol til hydrokarbon, framstilling av vinylkloridmonomeren VCM, alkenproduksjon og direkte reaksjonar frå metan til petrokjemiske mellomprodukt) i si forsking.

Publisert 11. nov. 2010 09:26 - Sist endret 3. mars 2020 11:13

Kontakt

Senterleiar Unni Olsbye

Kontorsjef Gloria Bostik

 

 

Partners

 

Deltakere

Se alle deltakere