Usynleg univers

Det meste av universet er usynleg.

Spiralgalaksen M74

Spiralgalaksen M74. Spiralarmane i galaksen er tydelege, og i midten av galaksen kan me sjå den lysande klumpen der stjernene ligg ekstra tett saman. M74 ligg omtrent 32 millionar lysår unna oss, i retning av stjernebiletet Fiskene. Bilete: NASA, ESA.Galaksen M74.

Sjå opp mot himmelen ein mørk vinterkveld. Lyset du ser, stråler ned til deg frå fjerne stjerner og galaksar. Det har reist gjennom verdsrommet i mange og lange år før det når fram til oss her på jorda. Lyset ber med seg informasjon om kvar det kjem frå, til dømes kva grunnstoff som finst i stjernene det vart sende ut frå, og kor langt unna dei er. Men lyset kan meir. Det kan fortelja oss om det me ikkje kan sjå, om det som ikkje skin. Velkommen til det usynlege universet.

Det meste er usynleg

Alt det me ser rundt oss, kvar dag og kvar natt, er laga av materie: kroppen vår, smarttelefonar, skyskraparar, eiketre, sola, månen og stjernene på nattehimmelen. Materie er bygd opp av partiklar som har det som fysikarar kallar masse. Alt som har mykje, trekkjer på andre ting som har mykje. Det er dette som er tyngdekrafta.

Eg og iPhonen min tiltrekkjer kvarandre altså reint fysisk, sjølv om eg dessverre ikkje kan skulda på tyngdekrafta viss handa mi dregst mot telefonen altfor mange gonger i løpet av ein dag. Tyngdekreftene mellom kvardagslege objekt er altfor svake til at eg kan merka dei ved at telefonen på uforklarleg vis skulle spretta opp i handa mi. Viss telefonen derimot skulle dette i golvet med eit brak, då merkar eg at jordkloden trekkjer på han. Hardt.

Ute i universet finst det eit usynleg nærvær, som også trekkjer på ting som har mykje. Astronomane kallar den mørke materien, og det finst mykje av han. Utan tyngdekreftene frå den mørke materien ville ikkje universet ha set ut som det gjer. Galaksar og galaksehoper ville ikkje ein gong ha eksistert. Me legg ikkje merke til den mørke materien i vårt vanlege liv på kontoret eller i sofaen heime, men astronomane merkar dens nærvær overalt i universet. Det finst faktisk mykje meir av den mørke materien enn det finst lysande materie som me kan sjå.

Les heile saka på Titan.uio.no.

Av Anna Kathinka Dalland Evans
Publisert 7. des. 2015 20:44 - Sist endret 15. feb. 2023 17:31