Noregs “sommarparadis” 2018: Er sola ansvarleg?

Vår næraste stjerne bidreg med mykje meir enn berre “lys og varme”.

Sola

Til venstre sest ein montasje av ti sol-røntgenbilete av solaktivitet mellom 1991 og 2001, teke av Yohkoh Soft X-ray-teleskopet. Til høgre: Hukodden i Oslo ein sommardag i juli i år. Foto: Martina D'Angelo

Årets norske sommar er uforgløymeleg med varmerekordane sine. Sola er kjelda til all energi som gjer jordkloden bueleg, så kor mykje har han bidrege til hetebølgja? For å forstå det som skjer her på jorda, må me også ta i betraktning det som skjer på vår eigen livgivande stjerne.

«Sola verkar for oss menneske som ein statisk og roleg, gul skive på himmelen», skriv solforskar Pål Brekke i boka Den stormfulle sola. Likevel har professor Sami K. Solanki, som er direktør ved Max Planck Institute og var årets Rosseland-forelesar ved UiO, vist oss at sola eigentleg er ei uroleg og varierande stjerne, ei enorm lyskjelde som påverkar klima og miljø over heile kloden.

Les saka på titan.uio.no.

Publisert 18. okt. 2018 09:54 - Sist endret 31. jan. 2024 15:06