Noreg skal namngi planet i stjernebiletet Store Bjørn

Det er funne 4000 planetar utanfor solsystemet vårt. No skal Noreg gi namn til éin av dei.

planeter, sola

Eksoplaneten HD 68988 b (venstre) er litt større ein Jupiter (høgre), men går rundt i ein bane veldig nær stjerna si (HD 68988). Sola (heilt til venstre) og jorda (midten) er vist på same skala. Posisjonen til HD 68988 b i planetsystemet sitt er samanlikna med solsystemet vårt (nedst). Biletet av HD 68988 b er ein illustrasjon, då planeten er for langt unna til å sjå detaljar enno. FOTO: Illustrasjon: Sven Wedemeyer (UiO)/NASA.

For mindre enn 30 år sidan, før den første ekstrasolare planeten (eksoplanet) vart oppdaga, kunne me berre spekulera i om det finst planetar utanfor vårt eige solsystem. I dag kjenner me meir enn 4000 stadfesta eksoplanetar og mange fleire kandidatar, men det er berre toppen av isfjellet. 

Det er ikkje berre talet som overraskar, men også kor annleis planetsystema er samanlikna med solsystemet vårt. Det gjeld talet på planetar totalt, storleikane på planetane, samansetninga og avstanden deira frå stjerna si. 

I samband med 100-årsjubileet for International Astronomical Union (IAU) vart eksoplanet HD 68988 b og dens stjerne HD 68988 utpeika til å få namn av norske skulebarn, samtidig som det blir valt namn til andre stjerner og planetar i andre land. Det er meir enn 100 land som er med på dette. 

Stjernen vart valt for Noreg sidan ho er synleg på himmelen frå Noreg, ikkje med berre auga, men med ein kikkert eller eit lite teleskop. Stjernen er i nærleiken av Karlsvognen, noko som dei aller fleste kjenner igjen.

Av Sven Wedemeyer
Publisert 8. okt. 2019 12:18 - Sist endret 8. feb. 2024 14:26