Datoane for påska 2019 vart sette i 1583

Dei fleste har lært at første påskedag er første søndag etter første fullmåne etter vårjamdøgn. I 2019 er påskedagen 21. april. Korleis stemmer det med regelen?

fullmåne

Fullmånen er ein del av reknestykket viss du skal finna ut når det er påske. Foto: Colourbox

Føresegna av tidspunkt for påska har vore eit viktig tema i dei kristne kyrkjene frå dei tidlegaste tider, og var ofte bakgrunn for strid. 

Dei fleste har lært at påskedagen er første søndag etter første fullmåne etter vårjamdøgn. I 2019 er påskedagen den 21. april. Korleis stemmer det? Ser ein etter i Almanakk for Noreg, ser ein at vårjamdøgn 2019 er 20. mars, kl. 22:58 norsk normaltid. Vidare er det fullmåne 3 timar og 45 minutt seinare, den 21. mars kl. 02:43. Første søndag etter 21. mars er 24. mars. 

Kvifor er ikkje påskedagen i 2019 den 24. mars, men 4 veker seinare, den 21. april?

Publisert 25. mars 2019 10:53 - Sist endret 8. feb. 2024 14:26