Slik ser eit svart hol ut

Ti år og meir enn 200 forskarar måtte til for å lykkast med å ta eit bilete av det ingen eigentleg visste om fanst. Kvifor har denne oppdaginga stor verdi for menneskja?

orange ring, svart bakgrunn

Det første biletet av det svarte holet i sentrum av galaksen Messier 87. Foto: EHT Collaboration.

I koordinerte pressekonferansar over heile verda 10. april vart det første direkte visuelle beviset på eit supermassivt svart hol og dets skugge avslørt. Astronomane som deltek i prosjektet Event Horizon Telescope (EHT)-Collaboration kunne avsløra at dei har lykkast i å stadfesta ein hendelsehorisont.

– Me har sett det me trudde ikkje var mogleg å sjå. Me har sett og teke bilete av eit svart hol, fortalde prosjektdirektør for EHT, Sheperd S. Doeleman frå Harvard-Smithsonian Center for Astrophysics. 

Biletet viser hendingshorisonten: ein ringliknande struktur med ein mørk sentralregion – skuggen av det svarte holet. Alt me har visst om svarte hol fram til i dag, har vore basert på indirekte data samla frå enorme avstandar. Dette har no endra seg som eit resultat av EHT-samarbeidet.

Nokre forskarar ved UiO har forskingsfelt tett opp til temaet svart hol. Her forklarer dei kva nytte dei har av kunnskapen.

Les saka på Titan.uio.no

Av Martina D'Angelo
Publisert 6. mai 2019 16:55 - Sist endret 8. feb. 2024 14:26