English version of this page

Ny førsteamanuensis: Mark Dijkstra

Mark kjem opphavleg frå Nederland. Han liker å utforska nye kontinent og har tidlegare budd i både USA og Australia. No har han teke med seg familien for å nyta friluftslivet i Noreg. Og for å forska på stråling i det tidlege universet. 

Bildet kan inneholde: himmel, vann, sky, jeans, tre.
Av Anna Kathinka Dalland Evans
Publisert 31. mars 2014

Mark er interessert i danninga av dei aller første stjernene og svarte hola i universets historie. Det er dette som blir kalla reioniseringsepoken,  og ho starta omtrent 400 millionar år etter Big Bang. 

Astronomar trur at dei første stjernene var mellom 30 og 300 gonger så massive som vår eiga sol. Tunge stjerner lever kortare liv, og mange av desse tidlege stjernene levde i berre nokre millionar år før dei eksploderte som supernovaer.

– Kva prøver du å finna ut i forskinga di?

– Eg er spesielt oppteken av sambandet mellom dei første galaksane og romma mellom galaksane, det astronomar kallar «det intergalaktiske mediet». Eg prøver å tenka ut nye metodar ein kan bruka til å læra om dette på.

Reionisasjonseraen
Dei første stjernene og reonisasjonseraen. Klikk på biletet for større versjon. Bilete: Wikipedia.

– Korleis gjer du det?

– Eg lagar modellar av strålingsprosessar og strålingstransport på datamaskiner og reknar ut forutsigelser som kan testast mot observasjonar.

– Kor jobba du før du kom til Oslo?

– Eg drog frå Nederland til USA for å starta på doktorgradsstudia i september 2001. Det var ein ganske deprimerande start. Angrepa 11. september skjedde berre fem dagar etter at eg kom til New York. Trass i dette hadde eg etter kvart ei fantastisk tid ved Columbia University. Eg trefte også ho som etter kvart vart kona mi i New York.

– Etter doktorgrada jobba eg som postdoktor i Melbourne, ved Harvard University, og ved Max Planck- instituttet for astrofysikk i Garching i Tyskland. 

– Og korleis hamna du i Oslo?

– Både eg, kona mi og dei to barna mine elskar å gå turar og vera ute i naturen. Og eg er veldig glad i god kaffi! Oslo og Noreg verkar som ein utmerkt stad for desse tinga.

– Fagleg sett er ITA er flott stad for meg å halda fram med forskinga mi. Solgruppa ved instituttet har ekspertise i å modellera strålingstransport, og eg er også svært interessert i arbeidet som blir gjort i kosmologigruppa. Eg håpar å få samarbeida med dei og ser fram til å læra mykje.

– Til slutt: korleis vart du astronom?

– Eg har visst at eg ville bli astronom sidan eg var 13 år. Eg er framleis fascinert av vitskapen eg jobbar med. Ein annan ting eg set stor pris på er moglegheita som jobben gir til å reisa og bu i ulike land.

Publisert 31. mars 2014 14:04 - Sist endret 5. aug. 2026 14:38