English version of this page

Historia til Farmasøytisk institutt

Farmasibygninger vart reist som det første av Universitetet sine bygg på Blindern, og det nyoppretta Universitetets Farmasøytiske institutt kunne dermed opnast i tidsriktige lokale i januar 1932.

Gamle glass som innejholder droger

Glas med pericarpium aurantii, pomeransskall, frå drogesamlinga til instituttets.

Det gjekk over 250 år frå vi fekk dei første avgjersler om farmasøytisk utdanning i Danmark-Noreg til det vart oppretta eit eige universitetsstudium innan farmasi i Noreg.

Dei nye farmasistudentane fekk no ei naturvitskapleg grunnutdanning frå institutt for kjemi og fysikk før dei etter fullført praktikantteneste i apotek fekk konsentrere seg om dei spesifikke farmasøytiske faga. Forskjelleg frå tidlegare farmasistudium var stor fordi utdanninga var lausriven frå apoteka.

Farmasøytisk institutt skulle i tillegg til undervisinga også drive forsking og fagutvikling innan farmasi, farmasøytisk kjemi og farmakognosi.

Instituttet har revider studieplanane sine med jamne mellomrom for å halde tritt med utviklinga innan både naturvitskap og medisin. Studieplanane er også påverka av at farmasøytrolla har vore gjennom store endringar i løpet av desse åra.

Farmasøytane er legemiddelekspertane i samfunnet, men ikkje lenger berre på deira opphav og framstilling. Då autorisasjon for farmasøytar vart innført i 2001, vart farmasøytane si rolle som ekspertar på bruk av legemiddel også stadfesta.

Som einaste norske utdanningsinstitusjon har Farmasøytisk institutt også oppretta eit eige masterstudium i klinisk farmasi.

Milepælar i historia til Farmasøytisk institutt:

1924 – UiO sin første professor i farmasøytisk kjemi vert utnemnt.

1930 – UiO sine første professorar i farmasi og farmakognosi vert utnemnt.

1931 – Første kull på det nye farmasistudiet vert tatt opp.

1932 – Farmasøytisk institutt vert opna.

1935 – Dei første farmasøytiske kandidatane med apotekereksamen etter den nye studieordninga vert uteksaminert.

1957 – Biologisk avdeling (seinare Avd. for farmakologi) vert etablert.

1968 – Ny studieplan som inkluderer hovudfagsoppgåve vert innført. Studiet vert utvida til 5 år.

1973 – Dei første farmasøytiske kandidatane med farmasøytisk embedseksamen vert uteksaminert.

1985 – Undervising i samfunnsfarmasi vert innført.

1990 – Ny studieplan med større fokus på terapi. Farmakoterapi og cellebiologi vert innført som eigne fag. I denne studieplanen vert også problembasert læring som undervisingsmetode teke i bruk.

2003 – Ny studieplan vert innført, med farmasifokus frå første studiedag. Undervisinga i dei forskjellige fagområdevert integrert i større tema.

2008 – Dei første Master i farmasi vert uteksaminert.

2009 – Masterstudiet i klinisk farmasi vert starta opp.

2012 – Dei første Master i klinisk farmasi vert uteksaminert.

2017 - Ny studieplan vert innført. Arbeidet var ein del av InterAct, ein ramme for utvikling av tverrfaglig utdanning, læringskultur, aktiv læring og læringsmiljø på MN-fakultetet.

Publisert 15. nov. 2010 19:13 - Sist endret 12. mai 2023 09:22