Gode søkartal for geofag ved UiO

Søkartala i Samordna opptak 2024 for høgare utdanning er klare, og mange ynskjer å studera ved høgskule og universitet i år. For dei to studieprogramma i geofag ved Institutt for geofag ved UiO er det ein fin oppgang i antal fyrstevalssøkarar sett i forhold til fjoråret.

Mange har søkt høgare utdanning og vil studera ved høgskule og universitet i 2024. Studiestart og nye studentar og faddergrupper forann Universitetsbiblioteket for nokre år sidan. (Arkivfoto) Foto: Gunn Kristin Tjoflot

Mange har søkt høgare utdanning og vil studera ved høgskule og universitet i 2024. Studiestart og nye studentar og faddergrupper forann Universitetsbiblioteket for nokre år sidan. (Arkivfoto) Foto: Gunn Kristin Tjoflot

Etter eit litt lavt resultat på antal fyrstevalssøkarar i 2023 er det ein fin oppgang i antal fyrstevalssøkarar til studiene i geofag ved Universitetet i Oslo i årets søkartal i Samordna opptak. Dette viser dei ferske søkartala frå Samordna opptak som vart frigjort i dag 26. april.

Det meldes i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet at det er rekordmange søkarar til høgare utdanning i år. Frå 2023 er det ein auke på 4,7 prosent som vil ta høgare utdanning.

Oppgang for geofag 

I årets opptak har i alt 74 søkarar oppgitt studieprogrammet Geologi og geografi som sitt fyrsteval, mens 38 søkarar har oppgitt studieprogrammet Geofysikk og klima som fyrsteval. I alt vert dette samla for begge programma 112 fyrstevalssøkarar, som er ein fin oppgang frå 72 førstevalssøkarar for begge programma i 2023. Antal fyrstevalssøkarar per studieplass vert omlag 1.9 fyrstevalssøkarar.

Totalt sett er det 642 personar som har søkt på dei to bachelorstudiene i geofag til fristen 15. april. I 2023 var det 635 søkarar for begge studieprogrammene samla, så ikkje ei stor endring i totalt antal søkarar frå i fjor til i år.

Søkartala som er frigjort no fortel dog ikkje kor mange av søkarane som er kvalifiserte til dei studia dei har søkt. Dette vert klart i slutten av juli når hovudopptaket er gjennomført, og tilbod er utsendt. Det er også mogleg for søkarane å omprioritera på rekkefølgjen på studier heilt fram til 1. juli. Mykje kan endre seg.

Les meir om søkartala på nettsidene til Samordna opptak

Mange søkarar til høgare utdanning

I år har 142 416 personar søkt om studieplass i høgare utdanning via Samordna opptak. Det er 6 436 fleire enn i fjor, og auka er på 4,7 prosent, opplyser Kunnskapsdepartementet i si pressemelding. 

– Veldig mange har søkt seg til høgare utdanning i år. Det er bra for den enkelte, for det norske samfunnet og arbeidslivet. Mangel på kompetanse er ei stor utfordring i Noreg. Derfor er eg glad for at endå fleire er klare for  ta ei utdanning og bygge eit godt liv for seg sjølv og ei god framtid for oss alle. Så er eg spesielt nøgd med den store auka i søkinga til sjukepleiarutdanningane, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) i pressemeldinga.

Sett bort frå koronaåra, har det aldri vore fleire søkarar til høgare utdanning, ifylgje pressemeldinga. Søkarane kan velje mellom eit større tilbod enn nokon gong: 64 086 studieplassar på 27 universitet og høgskular over heile landet.

Over 44 550 av dei 142 416 personane som har søkt seg til høgare utdanning, vil til Universitetet i Oslo, skriv Uniforum i ein artikkel..

Av Gunn Kristin Tjoflot
Publisert 26. apr. 2024 17:02 - Sist endra 26. apr. 2024 17:41