I Klimahuset på Naturhistorisk museum vart det 18. mars opna ei lita men viktig utstilling.
Temaet er dagsaktuelt også no i dag; klimaendringar som opptek fleire, men utstillinga ser tilbake historisk til førre klimakrise, kjent som den "Den lille istiden".
Utstillinga viser kva som skjedde i befolkninga i Norge då det starta å verta kjøligare frå om lag 1500 til nedkjølinga avtok rundt år 1850. Den vesle istida sette i gang til ulike tider rundt på jorda, og det er antatt at den nordlege halvkula vart hardast råka.
Opptil to grader kaldare somrar
Den vesle istida kan kort forklarast med at den vart forårsaka av naturlege hendingar, som endringar i solaktiviteten, vulkanutbrot og atmosfæriske forstyrrelsar.
Dette igjen medførte somartemperaturar opptil to grader kaldere enn målt opp mot gjennomsnittet i moderne tid (1961-1990). Dei kjølige somrane gav kortare vekstperiodar og dette igjen påvirka avlingane innan jordbruket.
Utstilling med eigen læringsressurs på Norgeshistorie
Utstillinga får plass i eit lite rom innanfor dei permanente utstillingane i Klimahuset. Her er plassen godt utnytta med plakatar med Qr kodar til meir informasjon.
Det er synt fram fleire velvalte objekt, og det er ein lyttestasjon der besøkande kan høyra ei skillingsvise med den triste skjebnen til ei mor og hennar fire born.
Forskarane har har valt å fortelja den narrative historien med fire tema som er: 1. Forstå, 2. Protest, 3. Omstilling, og med eit siste tema 4. Mistilpasning. Desse fire bolkane har tilhøyrande faglege tekstar på ein nettressurs på Norgeshistorie, læringsressurser for Den lille istiden.
Utstillinga er eit samarbeid mellom forskarar frå prosjekta Klimakulturer. Noreg under den lille istiden ved Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH), og forskingsprosjektet The Nordic Little Ice Age ved Senter for grunnforsking (CAS) på Vitskapsakademiet.
Hovedansvarleg for innhaldet i utstillinga er Ingar Mørkestøl Gundersen, i samarbeid med Jens Dominik Collet, sistnevnde er leiar av forskningsprosjekta om istida ved UiO og CAS. I CAS-prosjektet har også professor i meteorologi Kirstin Krüger, samt stipendiat i paleoklima Eirik Gottschalk Ballo delteke, begge frå Institutt for geofag.
Frå Naturhistorisk museum har Ellen Paalgard og Morten Engebretsen vore med å skapa utstillinga. I tillegg har fleire masterstudentar frå IAKH vore verdifulle i utviklinga av utstillinga, og gitt gode idear og innspel undervegs.
Besøk utstillinga i Klimahuset
Utstillinga om den vesle istida i Norge er no open, og kan sjåast på Klimahuset på Tøyen, like ved Naturhistorisk museum. Les mer om utstillinga under:
Utstillinga har blitt til i tett samarbeid med Naturhistorisk museum, som også var prosjektansvarleg, og utstillinga er støtta av Norges forskningsråd.