English version of this page

Fjellvatn under press: Kääb deltek i nytt internasjonalt storsatsingsprosjekt

Professor Andres Kääb og Institutt for geofag er med som partnar i det nye, internasjonale prosjektet MountAInWater. Målet er å setja opp eit globalt «vassrekneskap» og kartleggje korleis klimaendringar trugar fjellvatn og framtidig vassikkerheit i Himalaya, Pamir, Dei canadiske Rocky Mountains og Andes.

Pamir er fellesnavn på eit område med mektige fjellkjeder og høgsletter i Sentral-Asia. Bildet til høgre viser ei elv i Kyzylsu-nedbørsfeltet i Pamir-regionen, som lokalsamfunn i det sentrale Tadsjikistan er avhengige av som vasskjelde. (c) Jason Klimatsas / ISTA

Pamir er ein region med fjellkjeder, isbrear og høgsletter i Sentral-Asia. Bildet til høgre viser ei elv i Kyzylsu-nedbørsfeltet i Pamir, som lokalsamfunn i det sentrale Tadsjikistan er avhengige av som vasskjelde. (c) Jason Klimatsas / ISTA

Av Gunn Kristin Tjoflot/UiO
Publisert 27. mars 2026

Professor Andres Kääb ved Universitetet i Oslo er ein av forskarane bak det internasjonale prosjektet MountAInWater, som vert leia av Institute of Science and Technology Austria (ISTA) i Østerrike. Prosjektet skal utførast i tett samarbeid med forskarar og partnarinstitusjonar frå Canada, Tyskland, Nederland, Noreg og Sveits. Kääb skal leia den norske deltagelsen i prosjektet. 

Foto: Professor Andreas Kääb. Foto: Gina Aakre/UiO
Professor Andreas Kääb. Foto: Gina Aakre/UiO

MountAInWater får samla om lag 9,5 millionar dollar (over 91 millionar norske kroner) frå Schmidt Sciences, og er eitt av fire globale, tverrfaglege forskingsprosjekt som til saman vert tildelte 33 millionar dollar over fem år gjennom satsinga Virtual Institute for Earth’s Water (VIEW). 

Prosjektet skal for første gong lage ei global, høgoppløyst «analyse» av vatnressursar i fjellområder frå år 2000 fram til i dag  I fokus er høgfjellslokalitetar i Himalaya, Pamir, Dei canadiske Rocky Mountains og Andes. Forskarane legg særleg vekt på klimaendringar og framtidig vassikkerheit. 

MountAInWater: Frå lokalt til globalt – og tilbake til regionalt 

Den internasjonale forskargruppa bak MountAInWater skal bidra til nye og banebrytande element i studiet av vatnressursar i fjellområder. I arbeidet skal dei bruke kunstig intelligens og høgoppløyste data til å lage ein heilt ny, global «vassrekneskap» over ferskvatn på jorda – eit kunnskapsgrunnlag for meir berekraftig og rettferdig forvaltning av vassressursar. 

Prosjektet vil òg arbeide tett med lokalsamfunn og regionar som er direkte råka av endringar i fjellvatn. Resultata skal gi ny kunnskap som kan brukast til betre forvaltning og planlegging, og bidra til å identifisere mogelege vippepunkt i sårbare fjelløkosystem. 

Professor Kääb si rolle blir særleg knytt til overvaking og modellering av endringar i is- og snødekte område. 

Forskarane tek og sikte på å gjennomføre feltarbeid på vanskeleg tilgjengelege høgfjellslokalitetar i Himalaya, Pamir, Dei canadiske Rocky Mountains og Andes.

Kun fire fekk støtte utfrå 150 søknadar

Prosjektet MountAInWater var eitt av fire prosjekt som vart valt ut blant 150 prosjektforslag i denne tildelinga, og dei får 9,5 millionar dollar frå Schmidt Sciences. Totalt vart det delt ut 33 millionar dollar i denne utlysninga. 

Gjennom forskningsprogrammet Virtual Institute for Earth’s Water (VIEW) støttar Schmidt Sciences stiftinga banebrytande forsking som kan løfte den globale kunnskapen om ferskvatn og vassystem. Bak Schmidt Sciences står tidlegare Google-sjef Eric Schmidt og filantrop Wendy Schmidt. 

Les meir om prosjektet MountAInWater på Institute of Science and Technology Austria (ISTA) sine nettsider: Understanding Mountain Water – Worldwide

Publisert 27. mars 2026 10:51 - Sist endret 30. mars 2026 09:48