English version of this page

Ny kortfilm frå FJELLVITEN – klimaforsking i Noregs høgfjell

Ein ny kortfilm frå formidlingsprosjektet FJELLVITEN tek publikum med opp i Jotunheimens høgfjell, der vi finn Noregs høgaste fjelltoppar og ein unik arena for tverrfagleg forsking på permafrost og klima. Å nå ut til eit yngre publikum er eitt av måla med prosjektet.

Foto: Juvflye: Borehol for installasjon av instrument som måler permafrost i høgfjellsområdet ved Juvflye. Foto: Fjellviten

Juvflye: Borehol for installasjon av instrument som måler permafrost i høgfjellsområdet ved Juvflye. Foto: Fjellviten

Av Gunn Kristin Tjoflot/UiO
Publisert 29. apr. 2026

Jotunheimen nasjonalpark er heim til Noregs høgaste fjell, brear og permafrost. Her finn vi òg Noregs høgastliggjande tverrfaglege forskingsarena for natur og klima, gjennom prosjektet Fjellviten.

På Juvflye arbeider forskingsgrupper i Fjellviten-prosjektet saman for å forstå fjella betre, og korleis dei har vorte, blir og vil bli påverka av klimaendringar. Prosjektet samlar Norsk Fjellsenter og Klimapark 2469, saman med leiande forskingsinstitusjonar – mellom anna Institutt for geofag ved Universitetet i Oslo – for å utvikle «verdens viktigste klasserom», der høgfjellet blir brukt som kunnskapsarena.

Høgfjell påverka av klimaendringar

Hovudmålet med Fjellviten-prosjektet er å formidle og vidareføre kunnskap om klima- og miljøendringar i høgfjellet gjennom innovative formidlingsteknologiar.

Den viktigaste målgruppa for Fjellviten sitt formidlingsarbeid er elevar i vidaregåande skule, saman med ungdom og andre som er interesserte i klimaendringar i nordområda og i fjella i Noreg.

Lær meir om prosjektet: www.norskfjellsenter.no

Den nye kortfilmen er tilgjengeleg på YouTube på norsk, og ein versjon med engelske undertekstar:

Sjå filmen på YouTube: https://www.youtube.com/watch?v=4HXCWa1vEjM

Film og foto: Frys Film AS @FRYSFILM  |  Graphics: Space & Time

 

Fjellviten – bidragsytarar og partnarar

Fleire partnarar arbeider saman og bidreg inn i Fjellviten-prosjektet:

Norsk Fjellsenter; Klimapark 2469; Innlandet fylkeskommune; Norsk institutt for naturforskning (NINA); Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU); Naturhistorisk museum; Universitetet i Oslo / Institutt for geofag; Meteorologisk institutt; Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE); Universitetet i Bergen; Bjerknessenteret for klimaforskning.

Fjellviten-prosjektet er finansiert av Sparebankstiftelsen DNB, Noreg.

Emneord: Permafrost, Fjellviten, Outreach
Publisert 29. apr. 2026 14:12 - Sist endret 29. apr. 2026 14:16