English version of this page

Møt Siv Hoff frå Arven etter Nansen

Forskningsprosjektet Arven etter Nansen har synt fram at ein kan ha god balanse av kjønn på toppnivå. Ikkje berre er prosjektet leia av ei kvinne, men 40% av prosjektleiinga er kvinner. Berre for å toppe det heile, så består administrasjonen til prosjektet berre av kvinner.

Kvinne i arbeidsklær

Siv Nam Khang Hoff på tokt med Arven etter Nansen. Her håvar ho opp ein art ho vil kikka nærare på. Foto: privat.

Siv Nam Khang Hoff er forskar og stipendiat ved Institutt for biovitenskap og deltek i forskingsprosjektet Arven etter Nansen. Siv kan alt om torskens evolusjon. Eller det vil seie, ho lærer jo stadig noko nytt gjennom forskinga si. Ho er særs interessert i genetikk og kan mykje om korleis ulike artar av torsk har det i Barentshavet. Ein kan undre seg om supergenet til torsken kan hjelpe den med å tilpasse seg endringar i havet?

Kva gjer du i prosjektet?

Bildet kan inneholde: kinn, hud, leppe, øyenbryn, øye.
Siv Nam Khang Hoff er forskar ved Institutt for biovitskap. Foto: privat.

Eg har ein master innan biologi i feltet evolusjon og genetikk. Nett no jobbar eg med å kartlegge den genetiske samansetninga til tre nøkkelartar i Barentshavet (og Arktis), nemleg lodde, polartorsken og atlanterhavstorsken.

Kva erfaringar og funn vil du ta fram som viktige frå prosjektet?

Eg kjenner meg heldig som har fått vere ein del av eit stort forskingsprosjekt som Arven etter Nansen. Det har gjort det mogleg for meg å vere med på forskingstokt, og det har vore ein lærerik og unik oppleving. Sidan Arven etter Nansen er eit stort tverrfagleg prosjekt, så har eg og fått høve til å bli kjent med dyktige og inspirerande forskarar innan biologi, men også andre fagfelt eg elles ikkje hadde kome i kontakt med utanom prosjektet. Det har gitt meg ein arena for diskusjon og samarbeid på tvers av fagfelt, noko eg verkeleg syns har vore fruktbart og som eg ynskjer å ta med meg vidare i karrieren mi.

I prosjektet har me fått høva til å forska på det genetiske materialet til lodde, polartorsk og atlanterhavstorsk på eit heilt nytt nivå. Ved å bruka nye sekvenseringsteknologiar har me kunne undersøkja den genetiske strukturen til desse artane på ein nyansert måte, og funne ut blant anna at polartorsken har supergenar, til liks med slektningen sin atlanterhavstorsk. Supergenar er genetiske strukturar som kan føra til forandringar både i utsjånad og åtferd, og er eit kjend fenomen i naturen. Slik kan artar tilpassa seg endringar i miljø.

3 torsk
Eit lite knippe med polartorsk teke på tokt. Foto: Siv Nam Khang Hoff, UiO.

Kva er framtida for forsking i Arktis, slik du ser det?

Med dei store forandringane i klima og miljø som er spådd for Arktis, så håpar eg at dei vil leie til auka initiativ til forsking her.  Behovet er i alle fall til stades for auka kunnskap om desse endringar og korleis det påverkar økosystem i området. Her kan eg trekke fram at det er naudsynt av å ha større tverrfaglege prosjekt som Arven etter Nansen. Å arbeide tverrfagleg vil gi oss eit meir komplett bilete av Arktis i møte med klimaendringar,  og ikkje minst auka aktivitet innan næringsliv som oljeutvikling, fiskeri og turisme.

Viss du ser tilbake på tida i prosjektet, er det noko du kunne tenkt deg å lære deg meir om?

Eg kunne tenkt meg å lære meir om korleis ein kan formidle vitskaplege resultat på ein måte slik at den kan bli ein del av forvaltninga og forvaltningsplanar. Eg kjenner at det er mykje verdifull kunnskap som no blir generert frå Arven etter Nansen, men eg veit lite om korleis vi kan formidle den relevante informasjonen til å bli ein del av forvaltningsplanar og utarbeiding av verna områder. Ein arts genetiske innhald vil vere viktig informasjon for forvaltninga viss ein ønskjer å ha eit genetisk mangfald. Dette vil kunne vedlikehalde eller auke artars evne til å tilpasse seg eit miljø i endring.

Kan vi utfordre deg til å summere opp forskinga/ erfaringa di i Arven etter Nansen med tre ord?

Helgenomsekvensering arktisk fisk

Arven etter Nansen sine kvinner

Arven etter Nansen er eit unikt og holistisk forskingsprosjekt som vil levera integrert vitskapleg kunnskap om eit marint klima og økosystem i rask endring. Prosjektet samlar rundt 280 forskarar, studentar og teknikarar frå ti norske forskingsinstitusjonar.

Arven etter Nansen har intervjua seks av 137 kvinner i forskingsprosjektet, og har spurt om kva dei har lært seg og om dei har fått verdifulle opplevingar frå prosjektet gjennom tida dei har vore ein del av prosjektet. Les intervjuet med dei andre fem kvinnene på Arven etter Nansens nettsider.

Publisert 8. mars 2023 09:52 - Sist endra 9. mars 2023 15:56