Høgthengande pris til solfysikarar frå UiO

Mats Carlsson og Viggo Hansteen blir tildelt den prestisjetunge Arctowski-medaljen for deira arbeid for å løysa gamle solmysterium.

– Me snakkar om ein femdels Nobelpris. I alle fall med tanke på storleiken på prispengane, seier professor i solfysikk Mats Carlsson med eit smil. 

Vinnarane av Arctowski-medaljen 2017, Viggo Hansteen (t.v.) og Mats Carlsson i Solfysikk-gruppen ved ITA. 
Foto: Tore Oldeide Elgvin

Carlsson og professorkollega Viggo Hansteen, begge ved Solfysikk-gruppa(link is external) på Institutt for teoretisk astrofysikk(link is external) (ITA) ved UiO, deler Arctowski-prisen 2017 for bidraget sitt i forståinga vår av fysiske prosessar på sola.

Det er klart etter ei annonsering frå amerikanske National Academy of Sciences (NAS) no i kveld norsk tid.

Vitenskaps-mastodonten deler ut prisen annakvart år for å anerkjenna framifrå bidrag innan solfysikk, og det er ein av dei aller gjævaste utmerkingane ein kan oppnå innan fysikk. 

Tok rekninga

– Eg må seia at dette var veldig stort. Det kjennest sjølvsagt veldig bra med anerkjenning, men også den auka merksemda det gir kjennest bra, seier ein tydeleg stolt Carlsson.

Korleis fekk de vita om tildelinga?

– Viggo og eg var på konferanse saman i San Fransisco i regi av American Geophysical Union, då me fekk kvar vår e-post om av me er vinnarane i år, fortel han.

Vart det noka feiring der borte?

– Me feira med ein betre middag. Eg tok rekninga, seier solfysikaren og ler.

Den andre prismottakaren, Viggo Hansteen, er for tida i Granada, men utaler i ein e-post til Titan.uio.no at han set enormt pris på utmerkinga:

– Som vitskapsmann hender det i mørke stunder at ein tenkjer at ein har brukt krefter, og ikkje minst tid, og lagt heile si sjel i å arbeida med noko som ingen andre har den minste interessa av.

– Sjølvsagt får ein av og til påskjønning i form av ny forståing, men det er fantastisk at også andre set pris på det ein har gjort.

Løyste gamle solmysterium

Prisvinnarane får prisen for leiinga av utviklinga av den såkalla Bifrost-modellen, som har har gitt nøkkelinsikt til forståinga vår av eigenskapar hos sola. Her blir ein illustrasjon vist frå ei simulering som viser "cool" (80 kK) short loops. Illustrasjon: Carlsson, M., et al. 585, A4, Astronomy & Astrophysics. 

Hansteen og Carlsson får prisen for leiinga si av den såkalla Bifrost-modellen, som har involvert fleire forskarar ved Solfysikk-gruppa(link is external) på ITA(link is external). Modellen har i stor grad forbetra forståinga vår av dei fysiske eigenskapane til sola.

– Eit problem innan solfysikk er at me ikkje kan gjera eksperiment. Me kan til dømes ikkje slå på noko og sjå kva som skjer. Og me ikkje kan måla ting inni sola. Temperaturmålingar kan berre forståast ved å sjå på sollyset.

– Derfor må me laga modellar som omset korleis sola ser ut utanpå, til kva som fysisk skjer der oppe.

– Spesielt spennande er det å sjå når observasjonane ikkje stemmer med komponentar i modellen. Det betyr at desse fysikalske komponentane er viktige, og at forståinga vår av fysikken er mangelfull. Når me får betre samsvar ved å endra på skildringa,  gir det ny innsikt. 

Støtte til vidare forsking

Men det er ikkje berre dei to prisvinnarane som får sola seg i glansen av utmerkinga. I tillegg til 100 000 USD til prisvinnarane, blir også gitt eit tilsvarande beløp til vidare forsking ved heiminstitusjonen.

– Det er veldig hyggjeleg at me får eit beløp som skal øyremerkjast solforsking, det vil gi høve til å gjennomføra faglege reiser, betala lønn til ein ung forskar som treng det, og invitera solgruppa ved ITA (link is external)på seminar.

Utdelinga av prisen skjer 30. april i National Academy of Sciences' lokale i Washington (USA). 

 

Emneord: Astrofysikk, Solfysikk, Pris, Arctowski Av Tore Oldeide Elgvin
Publisert 27. jan. 2017 09:29 - Sist endret 7. feb. 2024 11:20