Korleis bidrar diskusjonsoppgåver til utvikling av studentars konseptuelle forståing i kvantefysikk?

Kvantefysikk handlar om verda på mikronivå, der naturen oppfører seg annleis enn vi er vant med. Det er både fasinerande og utfordrande for fysikkstudentar, og gjer at fysikkdidaktisk forsking i kvantefysikk er viktig.

Fysisk institutt og MatNat satsar på å utvikle undervisninga for å betre studentars læring. I tråd med internasjonal forsking på feltet, har aktiv læring vorte innført for å engasjere studentane i læringsaktiviteter som gir god læringseffekt. Blant desse læringsaktivitetane er gruppediskusjonar av oppgåver laga spesielt for å utvikle studentars konseptuelle forståing. I emnet FYS2140 Kvantefysikk er slike diskusjonsoppgåver lagt inn som del av dei obligatoriske oppgåvene, og studentane diskuterer oppgåvene i gruppetimar støtta av læringsassistentar. Kvantefysikk er eit område i fysikken der det er ekstra krevande å utvikle konseptuell forståing, mellom anna på grunn av mange kontraintuitive fenomen og at fysikken kviler tungt på til dels abstrakt matematikk. Sjølv om læringseffekten av aktiv læring generelt er godt dokumentert, er det derfor ekstra interessant å finne ut korleis diskusjonsoppgåver kan fungere i kvantefysikk.  

Fagdidaktisk forsking gjer bruk av samfunnsvitskaplege forskingsmetodar, for eksempel ved å analysere spørjeskjemadata eller oppgåvesvar, diskusjonar eller intervju med elevar. Det inneber at masterstudentar i fysikkdidaktikk ofte treng å inkludere emner på UV-fakultetet i masteremna sine. Oppgåva kan tilpassast eit omfang på 60 stp. (for studentar på Fysikk og astronomi) eller 30 stp. (for studentar på Lektorprogrammet). 

Published Aug. 31, 2023 9:30 AM - Last modified Aug. 31, 2023 9:30 AM

Supervisor(s)

Scope (credits)

60